Hopp til innhold

Uvêret: – Vi sprang ned igjen for å redde det vi kunne

I løpet av minuttar var ferieidyllen i Lodalen forvandla til eit vindfylt kaos. Møblar og telt fauk i alle retningar.

Erik og Eva Frang

ØYDELAGT: Det er lite som står att av forteltet på campingvogna til Erik og Eva Frang.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Ekteparet Erik og Eva Frang ferierer på Sande camping i Lodalen. Dei fekk forteltet på campingvogna si øydelagt då vinden trefte campingplassen.

– Vi såg at det var gråvêr. Så gjekk vi for å ete, og då var det plutseleg full orkan, seier Erik Frang.

– Vi sprang ned igjen for å redde det vi kunne, men då vi kom ned att knakk det saman, legg kona Eva til.

Ho fortel også at uvêret ikkje liknar noko dei har opplevd i området før.

– Vi har opplevd mykje vind her, men aldri slik som dette, og vi har vore her i over 30 år på same stad, seier ho.

Ifølgje ekteparet var det ikkje så mykje dei kunne gjere for å redde forteltet på vogna.

– Vi rakk ingenting. Eg skulle halde teltet, men då eg kom inn i det fekk eg ei stong over meg, så då måtte eg berre sleppe, seier Eva.

DRAMATISK: I løpet av minuttar blei den idylliske dalen forvandla til eit vindfylt inferno.

Fekk tre over bilen

Ein annan som fekk oppleve vinden sine krefter var Jostein Berge. Medan han var på Loenvatn feriesenter for å kjøpe seg ein is ramla eit tre ned på bilen hans.

– Eg var litt uheldig då eg parkerte. Eg ville ikkje vere frekk og parkere bilen rett framfor inngangen til kafeen, så eg sette den litt lenger til sida. Det viste seg å vere eit veldig dumt val, seier han.

Berge fortel at treet ramla då den kom ein kraftig kastevind om lag eit kvarter etter at han hadde parkert. Fram til då hadde vêret vore fint, seier han.

– Det var 26 grader gjennom Lodalen. Då eg kom til Sande såg eg svarte skyer. Dette skjedde i løpet av eit kvarters tid, og når det verkeleg tok laust varte det eit par minutt, fortel Berge.

Tre falt over bil i Lodalen

– EIT DUMT VAL: Jostein Berge fekk eit tre over bilen ved Loenvatn feriesenter.

Foto: NRK-tipsar

– Dei padla for harde livet

Ifølgje Berge var ikkje han den einaste som fekk eit møte med naturkreftene ved feriesenteret.

– Eg snakka med to kajakkpadlarar etterpå, og dei var veldig glade for at dei kom seg til land. Dei hadde kome i land to minutt før vinden kom. Eg såg dei padla for harde livet, seier han

Berge fortel at han framleis ikkje veit kor store skadane på bilen er. Han fortel også at det kunne ha vore verre om han var lenger nede i dalen då vinden kom.

– Der er nokre tre som står på halv åtte, og vegen lenger nede i Lodalen var stengd. Der hadde det kome eit tjukt tre fram i vegen. Eg skal kanskje vere glad for at eg ikkje fekk det i hovudet.