NRK Meny
Normal

Uvêret tek pause - så aukar det på

Dagmar har gjort seg ferdig med Sogn og Fjordane, men allereie frå måndag ettermiddag er det venta at vind og store nedbørsmengder vil prege fylket.

Florø sentrum etter Dagmar sine herjingar

RASERINGAR: Slik såg det ut i Florø sentrum etter at Dagmar hadde vore på ferde. Uvêret som no kjem inn over fylket blir ikkje like ille.

Foto: Truls Kleiven

– Uvêret blir nok ikkje like heftig som det vi såg i natt, men det skal auke på igjen utover dagen, seier vakthavande meteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga i Bergen.

Ekstremvêret Dagmar har i morgontimane måndag forlate Sogn og Fjordane, men ikkje utan å leggje att spor etter seg:

Etter alt å dømme er det gjort skade for fleire hundre millionar kroner frå Sogn og Fjordane og nordover til Trøndelag.

– Det blir intenst når det står på

Måndag er det venta sørvestleg kuling dreiande på sør. Det vil vere utrygt for torden, og utover ettermiddagen blir det sørvestleg liten storm – og full storm nær Stad.

Og: Det vil bli lokalt veldig mykje nedbør.

– Mellom klokka 12:00 og 18:00 vil det kunne komme om lag 10 millimeter regn i timen. Det er ein del, seier Steinar Skare.

Han legg til:

– Då kan det fort bli 40–50 millimeter på seks timar. Det er intenst når det står på.

Vinterstorm og kvit nedbør

– Vi får ei kort pause frå uvêret, men så vil det nok bli mykje vind igjen – utan at det blir så enormt som i natt. Eg vil kalle det ein god vinterstorm, seier meteorologen.

Men ruskevêret vil ikkje gje seg med det:

– I morgon tidleg ventar vi at nedbøren kjem som sludd og snø i indre strok og i fjellet, seier Skare.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.