Hopp til innhold

Uverêt skapar problem langs kysten

Uvêr skapar problem på kysten av Nordfjord. I Vågsøy har brannmeister Kim Hjelle reist frå oppdrag til oppdrag.

Uver Vågsøy

MANGE OPPDRAG: Brannvesenet i Vågsøy rykte ut for å redde ei sjøbu i den sterke vinden.

Foto: Bjarne Eldevik

– Her er det sterk storm. Vi har berga eit naust som har blåst ned, og vi rykte ut til eit bygg på Trollebø. Der var folk i ferd med å skru fast bygget då vi kom, seier Hjelle.

– Det bles sterkt, vi hadde problem med å stå på beina då vi var ute i Vågsvåg, seier Hjelle.

Utan straum

Vinden og vêret har ført til straumbrot fleire stader i fylket i løpet av ettermiddagen.

– Vi hadde feil på Eid, frå Bruland mot Aasebø, men det er løyst no, seier Roy Landsverk i SFE.

Også fleire av øyane i Florø har vore utan straum, men ifølgje Landsverk er dei fleste no retta opp og dei siste vil snart vere retta opp.

– Vi har funne feilen og jobbar med det no, seier Landsverk.

På Sandøy i Askvoll kommune vil straumen vere vekk til i morgon. Ifølgje SFE er det hyttekundar som er råka.

Mange stengingar

Ferjesambandet Måløy-Oldeide har vore innstilt nokre timar på grunn av sterk vind. Men sambandet vil opne med normalt drift frå klokka 16.20.

Måløybrua vert stengt ved vind på 32 meter i sekundet, og har vore stengt 7 gonger i løpet av dagen, opplyser Vegtrafikksentralen.

Rugsundbrua har også vore stengt mange gonger. Ho stengjer ved 27 meter i sekundet.

– Vi har også ein del tre som har velta rundt på vegane, og folk bør ta det med ro, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen.

Han fortel at Heilevang mellom Askvoll og Førde stengjer klokka 18 og vil vere stengt til 08 laurdag morgon.

– Det er eit rasutsett område, så dette er ei planlagt stenging fordi det er meldt mykje nedbør.

– Det vil bli mykje vatn i fylket, og vi reknar med små steinar som kjem ned i vegen. Vi håpar dei ikkje blir større. Folk må ta det med ro på vegane, seier Molvær.

(Artikkelen held fram under biletet)

Uver Vågsøy

POLITIET: Jobbar her med å sikre bølgeblikkplater i Vågsvåg.

Foto: Bjarne Eldevik

No kjem regnet

Statsmeteorolog Tone Kristin Taule fortel at det blir mykje vind framover, men ikkje så mykje som fredag ettermiddag,

Rundt klokka 14 kunne Taule fortelje at det bles kraftig langs heile kysten. Det var oppe i full storm på Kråkenes fyr klokka 14. Og på flyplassen i Florø var det sterk kuling med kraftige vindkast.

Men Taule seier den kraftigaste vinden kjem fredag ettermiddag. Det er venta at vinden vil løye. Fredag kveld er det regnet som kan skape problem.

– Det blir regn i samband med eit nedbørsområde som kjem inn. Det gjeld særleg i ytre delar av Sogn og Fjordane fram til i morgon tidleg. Det vil kome 40 til 60 millimeter, seier Taule.

Rundt klokka 16 fredag ettermiddag har vinden løya litt i Måløy, og det regnar kraftig i Måløy.

– Vi køyrde over Måløybrua no, og då var det 30 meter i sekundet. Vinden har minka ein del. No regnar det kraftig.

Uver
Foto: Bjarne Eldevik / NRK