Hopp til innhold

Uveret skapar flytrøbbel

Uver og vind skapar trøbbel for flygingar til og frå Florø og Sandane no i ettermiddag.

Widerøe Dash 8

KANSELLERINGAR: Veret skapar problem for flyplassane i Florø og Sandane i dag.

Foto: MORTEN HOLM / Scanpix

Ekstremveret «Ivar» har kome innover land, og er også til dei grader merkbart mange stader her i fylket også.

– Det er veldig mykje dårleg ver og vi har kanselleringar og forseinkingar som ein følgje av det. Den vermeldinga ser ikkje så lovande ut for ettermiddagen, men det kan sjå ut som det skal løye utover kvelden, seier informasjonssjef i Widerøe, Silje Brandvoll, til NRK.no

Førebels har flyselskapet kanselleringar på Florø og Sandane.

Widerøe tilrår at passasjerande føl med på flyselskapet si heimeside og gjerne også vi appen «Fly i rute». Der vil dei reisande på sanntidsinformasjon om korleis deira flyging ligg an.