Hopp til innhold

Uvêret råkar ferjer, straum og telefonnett

Dei første meldingane om at uvêret skapar trøbbel for straum- og telefonlinjene i Sogn og Fjordane tikkar inn. Uvêret gjer også at ferjesambandet Lavik–Oppedal er innstilt.

Ferjesambandet lavik - Oppedal er innstilt på grunn av uvêret Nina.

STOPP: Det er full stopp på ferjesambandet Lavik–Oppedal på E39 på grunn av uvêret som herjar.

Foto: Marion Solheim

Norled opplyser klokka 17:34 at ferjesambandet Lavik–Oppedal er innstilt på grunn av det dårlege vêret. Kort tid før dette sende dei ut melding om at A-ruta var innstilt på grunn av uvêret.

– Vi kom oss ikkje i land i Oppedal vi stod der og stonga ei stund, men så kom kapteinen og sa at vi måtte returnere til Lavik, fortel ein av passasjerane om bord på ferja på E39, Marion Solheim.

Ho skulle vore på god veg mot Hordaland og Bergen, men no er turen utsett på ubestemt tid på grunn av det dårlege vêret. Kor tid ferja kan legge frå kai igjen er uvisst.

– Det var ein humpete tur, og eg er glad når eg får fast grunn under beina igjen. Eg snakka med mannskapet på ferja også, og dei kunne ikkje hugse at det hadde vore så gale før, fortel Solheim.

Må bu seg på å vere utan telefon

– Fem basestasjonar, to i Hyllestad, ein i Selje, ein i Luster og ein i Bremanger er no ute av drift, fortel dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Uvêret Nina sine herjingar har allereie skapt store problem for telefon og straumkundar i Hordaland, og det er i den komande perioden det er venta at vinden vil råke kysten av Sunnfjord og Ytre Sogn hardast. Også fleire vegar er stengde som følgje av det dårlege vêret.

Dei som er utan telefon må vere budde på å klare seg utan ein periode.

– Vi får gjort lite i kveld på grunn av den sterke vinden- Vi må bruke kvelden og natta på å analysere slik at vi er best mogleg budde for morgondagen, seier Amundsen i Telenor.

Utan straum i Sogn og Sunnfjord

Straumselskapa har i stor grad hatt kontroll på straumforsyninga, men BKK melder at kundar i Gulen, Masfjorden og Høyanger-sør er utan straum på grunn av uvêret. Kraftselskapet har over 20 000 kundar utan straum like før klokka 18 laurdag, og dei opplyser på sine nettsider at dei driv kontinuerleg feilretting, men at det kan ta tid før straumen er tilbake på grunn av uvêret.

Like før klokka 21 melde Sunnfjord Energi om feil på linja i Indre Angedal, frå Grimelandshaug til botnen. Det blir arbeidd med retting, og venta innkopling er mellom komma 21 og 21:30.

Sunnfjord Energi melder like før klokka 18 om feil i Gaular kommune, med feil mellom Ørnehaug og Rørvikfjellet. Montørar er på veg for feilsøking. Sognekraft melder like før klokka 20 at det er feil på linja frå Hustavnes og til strengene i Krogsnes, som gjer at ein må kople ut linja og abonnentane må klare seg utan straum til søndag. Selskapet har også mannskap på veg til Fjærland for å rette opp i feil med halv spenning ved ein trafo på Bøyum.

Distriktssjef for kraftforsyninga i Sogn og Fjordane, Asgeir Aase, seier kraftselskapa elles har meldt om få problem.

– Det skal til no ikkje ha vore store straumutfall eller problem i høve uvêret. Nokre feil er rapporterte i Hyllestad på grunn av lynhavari, men dette skal koplas inn att i 17-tida, opplyser han i ei pressemelding.