Hopp til innhold

Vind i orkan styrke - uvêret på fjellovergangane held fram

Kombinasjonen av mykje nedbør og kraftig vind skapar trøbbel for dei som skal over fjellovergangane i Sør-Noreg.

Webkamera

RV.15 OVER STRYNEFJELLET: Strynefjellet er blant fjellovergangane som kan bli stengd på kort tid.

Foto: Webkamera/Statens vegvesen

– Det er ganske gale no. Det har i vert fall ikkje blitt betre gjennom dagen, seier Ove Amundsen, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Den einaste vegen som er heilt open for trafikk er E16 over Filefjell. På dei andre fjellovergangane er det enten kolonnekøyring eller stengd.

Kombinasjonen av nedbør og kraftig vind gjer at Vegtrafikksentralen har hendene fulle med å følge situasjonen på fjellovergangane i Sør-Noreg.

– Fleire stader er det skikkeleg snøfokk. Håpet er at det skal løye etter midnatt, seier Amundsen.

Uvêr

LANG KØ: På rv. 52 over Hemsedalsfjellet køa lang med vogntog på rad og rekke ved bommen på Bjøberg.

Foto: GUNNAR GRIMSTVEIT / NRK

Orkan styrke i vindkasta

Sidan sundag har det blåst mykje langs kysten og i fjellet. No byr mildvêr og nedbør på nye utfordringar for alle som skal komme seg mellom Austlandet og Vestlandet.

– Det bles framleis kraftig i fjellet i Sør-Noreg. Fleire stader har det vore godt over orkan styrke i vindkasta, seier statsmeteorolog Siri Wiberg.

Meteorologen har ikkje godt nytt til dei som håper at vinden skal roe seg med det første.

– Det bles godt i heile Noreg, men den sterkaste vinden har vi på kysten og i fjellet. Der vil det fortsette å blåse i natt og tysdag morgon. I Nord-Noreg vil dei få kraftig vind gjennom heile tysdagen, seier ho.

Slik er det på fjellovergangane

E6 Dovrefjell: Stengt på grunn av uvêr. Vegvesenet anbefaler omkøyring via riksveg 3 gjennom Østerdalen.

E16 Filefjell: Open for fri ferdsle

E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring på strekningen Haukelitunnelen–Austmannalitunnelen på grunn av uvêr.

Rv. 7 Hardangervidda: Stengt for køyretøy med totalvekt under 7,5 tonn, kolonnekøyring for køyretøy med over 7,5 tonn på grunn av uvêr.

Rv. 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna att i dag.

Rv. 15 Strynefjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Kan bli stengd på kort varsel.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Stengt på grunn av uvêr.

Fv. 27 Venabygdsfjellet: Stengt på grunn av uvêr.

Fv. 50 Hol–Aurland: Stengt på grunn av uvêr.

Fv. 53 Tyin–Årdal: Stengt på grunn av uvêr.