Hopp til innhold

Uvêret Nina aukar på langs kysten

Uvêrsmeldingane tikkar inn frå store delar av fylket. Dei siste timane har fleire ferjesamband og vegar blitt stengde, og folk langs kysten ser at det dreg seg til.

Vinden har teke seg opp i Florø til dømes.

VIND: Nina har kome til kysten av Sogn og Fjordane, men det har til no ikkje kome rapportar om skadar.

Foto: Truls Kleiven

– I Bulandet og Værlandet har vinden teke seg opp, fortel ordførar Frida Melvær, som har vore på tråden med fleire av dei som bur på øyane ut i havgapet, der Nina slår til.

Slik dei lokale karakteriserer uvêret, så er det førebels ikkje ekstremt, men dei merkar godt at vinden tek tak. Også på fastlandet har ein merka at det tek seg opp. Utover ettermiddagen og kvelden har det også kome ein del nedbør.

Meteorologisk institutt sitt siste varsel, som kom like før klokka 20, tyder på at det no bles sterk kuling til liten storm, 22 meter i sekundet utsette stader. Vinden er venta å auke til full storm, 25 meter i sekundet, og kan også kome opp i sterk storm med vindkast på 35–45 meter i sekundet. Først seint i kveld er det venta at vinden vil løye.

Aukar på med vind

Frå klokka 18.30 tikka det stadig inn meldingar om nye vegar og ferjesamband som vart stengde og innstilte på grunn av uvêret. I Florø merkast det også at vinden aukar på.

– Det bles godt nede i bykjernen, fortel folk NRK har vore i kontakt med i kystbyen.

I Gulen er fleire av BKK sine abonnentar på Byrknes straumlause, og Oddbjørn Mjømen som bur på Mjømna, seier dei merka godt at vinden tek tak.

– Eg går ikkje ut slik det er no. Det har blåse heftig, men etter det eg veit er det ikkje gjort store skadar, fortel han.

Kan framleis kome meir

Politiet har til no ikkje fått inn meldingar om situasjonar i tilknyting til uvêret. I Askvoll er dei godt budde dersom vinden aukar meir på. Prognosane tyder på at vinden vil vere på sitt sterkaste i 20-tida.

Frida Melvær

VENTAR: Vinden merkast godt fleire stader i Askvoll, men kommunen er budd dersom det skulle blåse opp endå meir, slår ordførar Frida Melvær fast.

– Vi har vore i dialog med vegvesen og kraftselskap om kva vi skal gjere dersom noko skjer. Blir vi isolerte, så har vi også lege i bakhand. Satellittelefonane er sende til Bulandet og Værlandet, og i tilfelle det skulle vere nødvendig, så er der eigne ressursgrupper som kan sette i gong aktuelle tiltak, fortel Melvær.