Like før klokka halv fem natt til måndag vart det innført kolonnekøyring på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, etter at vegen hadde vore stengd ei stund på grunn av oppryddingsarbeid.
I morgontimane var det også kolonnekøyring på riksveg 13 over Vikafjellet, men her opna vegen for fri ferdsel like før klokka halv åtte.
På to av fjellovergangane er vêret så ille at vegane er heilt stengde, dette gjeld på fylkesveg 50 Hol-Aurland og fylkesveg 53 Årdal-Tyin.
Vegvesenet melder at det på Hemsedalsfjellet er så dårlege forhold at fjellovergangen kan bli stengd på kort varsel.
– I tillegg er det redusert sikt på E16 over Filefjell, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK.no i 06.40-tida.
Han seier utsiktene for betring i vêret ikkje er spesielt gode utover dagen.
– Vêret tilseier at det vil bli slik som no utover dagen og morgondagen, seier vaktoperatøren.
Utsiktene for opning av dei stengde fjellovergangane, Hol-Aurland og Årdal-Tyin, er dermed ikkje spesielt gode,
Slik er stoda klokka 12.00:
- E16 Filefjell – ope for fri ferdsle
- Riksveg 13 Vikafjellet – ope for fri ferdsle
- Riksveg 15 Strynefjellet – ope for fri ferdsle
- Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – kolonnekøyring på grunn av uvêr, kan bli stengd på kort varsel
- Fylkesveg 50 Hol-Aurland – stengd på grunn av uvêr
- Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – stengd på grunn av uvêr
Vegvesenet har alltid oppdaterte vegmeldingar på sine sider her