Hopp til innhold

Uveret herjar i heile fylket

Stormen "Sondre" har herja i heile dag.

SJÅ: "Sondre" vitja Luster

Det er registrert heile 400 lynnedslag sidan midnatt.

LES OGÅ: Vern deg mot lynnedslag

Mørklagde hus

Fleire tusen menneske vakna opp til mørklagde hus i dag tidleg. Heile Askvoll var utan straum i morgontimane. I tillegg vart Sogndal Lufthamn Haukåsen straumlause etter at lynet slo ned. Flya går no som normalt igjen.

LES: - Rekn med å miste straumen
LES: 400 lynnedslag sidan midnatt
LES: Haukåsen open att

På Filefjell vart ein bil teken av eit snøras. Heldigvis var det ingen personar i bilen som stod parkert. Ikkje nok med det. Berre få timar seinare gjekk eit nytt snøras på Filefjell. Heldivis kom ingen personar til skade her heller.

LES: Bil teken av ras
LES: 35 sit verfast på Filefjell

SJÅ VIDEO: Stengt over Filefjell

 

Vinden tok ferja

Ferja mellom Manheller og Fodnes fekk store problem i den sterke

Vind snudde ferja

Vinden tok tak i ferja slik at den snudde heil rundt.

Foto: Arne Eithun / NRK

vinden i dag. Vinden tok tak i ferja og snudde den rundt. 

LES: Vinden snudde ferja

SJÅ VIDEO: Vinden snudde ferja

 

I Florø måtte politiet rykke ut då dei fekk melding om at fleire reklameskilt hadde losne på Florø stadion. Reklameskilta fauk i vinden og politiet ba folk halde seg vekke frå stadionområdet. I tillegg gjekk varabrannsjefen i Florø ut og sa at folk burde halde seg inne.

LES: Farlege, flygande reklameskilt
LES: - Hald deg innandørs

Stengde vegar

Eit bustadhus tok fyr i Indrefjord i Vik rundt klokka helv elleve i dag. Brannen ser ut til å ha starta i eit sikringskap, og politiet utelukkar ikkje at eit lynnedslag kan vere årsaka.

LES: Bustadbrann i Vik

Industriområdet Vik i Stryn

Vatnet gjekk inn på industriområdet Vik i Stryn.

Foto: Jan Ivar Vik

Fleire stader i fylket har den høge floa komt langt inn på land. I Måløy la dei opp sandsekkar for å hindre at vatnet skulle ta seg inn i bygningar.

LES: Her går det ein veg...  
LES: Uveret herjar

På Leikanger inst inne i Sognefjorden slo bølgjene over ein bensinstasjon.

- Det rista godt i bygningen, sa bensinstasjoneigar, Bjarne Haugen.

LES: - Bølgjene slo over stasjonen

Alle fjellovergangane austover har vore stengde i heile dag. 

LES: Sjå vegoversikta her!

SJÅ VIDEO: Lyn til frukost, storm og flo til lunsj