Hopp til innhold

Uveret gjer at dei ikkje kan rydde etter ras

Sognefjellsvegen vert stengt ut neste veke, etter at store steinblokkar rasa ut i vegbanen. Det kan framleis vere lause steinar i fjellet, og det dårlege veret gjer det uforsvarleg å arbeide i området.

Steinras på fv.55

STORE STEINBLOKKER: Kjell Nyøygard var først på staden etter at raset gjekk fredag formiddag, og tok dette biletet.

Foto: Kjell Nyøygard

Sist fredag raste fleire store steinblokkar ned på fylkesveg 55 ved Bøvertunsvatnet i Lom i Oppland.

Statens vegvesen får truleg ikkje sett i gang oppryddinga før i neste veke. Området er prega av bratte fjellsider, og for å komme til terrenget krev oppryddinga helikopter.

– Det er meldt sterk vind, nedbør og vekslande temperatur i fjellet, og så lenge veret er slik, er det ikkje forsvarleg å drive med arbeid i fjellsida, seier fungerande seksjonsleiar i vegvesenet, Marthe Tøsse Løvseth.

Viss verprognosen er riktig, må dei vente med oppryddinga til neste veke, men det vil da enda lengre tid å gjere vegen heilt i stand.

– Etterpå vil det ta nokre dagar å køyre bort massane som har rast, reparere vegen og sette opp nytt rekkverk, så det blir vanskeleg å seie noko om kor lang tid det vil ta, seier Løvseth.

Statens vegvesen ber og folk som ferdast i fjellet ved Bøvertunsvatnet om å respektere sperringane som er sett opp etter raset, fordi området kan vere farleg å bevege seg i for turgåare.

Steinras på fv. 55

STORT RAS: Steinane som sperrer fylkesveg 55 vart beskriven til å vere på størrelse med bilar.

Foto: Politiet