– Årdal-Tyin kan bli stengt på kort varsel, for der har vi fått melding om at det er kraftige snøbyer, sa Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i føremiddag.
Klokka 13:30 melder Statens vegvesen at vegen er stengt på ubestemt tid.
Meldingane for måndag er heller ikkje så oppløftande, med obs-varsel om stor snøskredfare i tillegg til stormvarsel mot kvelden.
– Det er ikkje så store utfordringar på vegane no, men det er dårlegare vêr i vente, spesielt i fjellet, seier han.
Uvêr stengjer desse vegane i Sogn og Fjordane:
- Riksveg 13 Vikafjellet – stengt på grunn av uvêr, blir ikkje opna måndag
- Fylkesveg 50 Hol–Aurland, stengt grunna rasfare, blir ikkje opna måndag
- Fylkesveg 53 Tyin - Årdal stengt på grunn av rasfare
- Fylkesveg 55 Balestrand - Dragsvik, steng på grunna av rasfare
- Fylkesveg 93 Heldalsheia på strekninga Nautsund - Vadheim, stengt på grunn av rasfare
- Fylkesveg 152 ved Menes, stengt på grunn av snøras
- Fylkesveg 241 Gudvangen–Bakka, stengt på grunn av rasfare, blir ikkje opna måndag
- Fylkesveg 337 Hafslo - Veitastrond, stengd på grunn av rasfare
Frå klokka 16 blir desse vegane stengde:
- Fylkesveg 252 Skjerddal. Blir stengd på grunn av rasfare. Ny vurdering tysdag klokka 09:00.
- Fylkesveg 601 Underdalen. Blir stengd på grunn av rasfare. Ny vurdering tysdag klokka 09:00.
Kolonnekøyring:
- På rikseveg 52 over Hemsedalsfjellet er det frå klokka 14:20 innført kolonnekøyring på grunn av uver.