Hopp til innhold

Skal du austover har du få alternativ - uvêr stengjer fjellovergangar

Om du er på Vestlandet og skal austover er det ikkje mange alternativ att. Berre riksveg 15 over Strynefjellet og E16 over Filefjell er heilt opne. Det er framleis kolonnekøyring på riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

Stengte vegar Borlaugkrysset

KØ: Ved Borlaugkrysset står bilar i kø for å komme seg opp på Filefjell. Til høgre ser ein forholda på Hemsedalsfjellet. Her er det stengt.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

– Ja, det er stort sett stengt på dei fleste fjellovergangar austover frå Haukeli og nordover til Strynefjellet. Strynefjellet og Filefjell er no heilt opne, seier Jan Erikstad hjå vegtrafikksentralen i Lærdal.

Det er på grunn av dårleg vêr i fjellet at det er så mykje stengt.

Redd trafikken set seg fast

Rv 13, Vikafjellet, er stengd på grunn uvêr og fare for ras. Her blir det ikkje opna att i dag. Fv. 50 Aurland-Hol og fv. 53 Tyin-Årdal er også stengde på grunn av vêret. Aurland-Hol opnar ikkje laurdag.

Også E134 Haukelifjell er stengd, det same er rv. 7 over Hardangervidda.

– Vi er redd for at trafikken skal setje seg fast, difor har vi valt å ha styrt trafikkavvikling på Filefjell. Alle bilane som står i kø kjem med når dei vert sleppt opp på fjellet, fortel Erikstad.

Like over klokka 19 var det fri ferdsle på Filefjell.

Ruskevêr og redusert sikt

– På Filefjell er ikkje vêret så gale, det er litt redusert sikt, men greitt å køyre. Det er usikkert når ein kan opne att på Hemsedalsfjellet der er det veldig ruske og det bles godt. Det har vore bra med nedbør og, fortel Erikstad.

Erikstad seier det generelt er vestsida som er verst.

Storm i fjella

Vervarslinga på Vestlandet har sendt ut eit såkalla Obs-varsel om storm i fjella og vanskelege køyreforhold.

– Det blæs kraftig, med sterk kuling fleire stadar og liten storm i fjella, sier Anne Solveig Andersen, meteorolog hjå Vêrvarslinga på Vestlandet.

Og også i lufta er det problem for dei som skal ut og reise.

Laurdag morgon er det fleire forseinkinga på flyavgangar frå Flesland lufthamn, men det er venta at tilhøva skal betre seg utover dagen.

– Det vil roe seg utover dagen, og natt tiø søndag er det mykje betre att. Det er i dag det er verst, seier Andersen.

Hadde vindkast på 30 m/s

Sjølv om stormvarselet gjeld fjellområda, vil det også verte mykje vind i låglandet laurdag.

– Det er opptil liten kuling i Bergen, og på Kvamsøy i Hardangerfjorden har det blæse stiv kuling seier Andersen.

Øya har hatt vindkast på om lag 30 meter i sekundet tidleg laurdag morgon.

Det er venta meir snø austafor, så bilistar som køyrer E6 og E18 må vere budde på dårleg brøyta vegar.

På Austlandet og i Agder-fylka må bilistar verre budde på krevjande køyreforhold på europavegane.