Uvêr stengjer Sognefjellet

Fylkesveg 55 over Sognefjellet blir nattestengt natt til laurdag og natt til søndag. Det er venta både vind og kraftig nedbør, noko som gjer at NVE og meteorologane har sendt ut fleire varsel. Statens vegvesen opplyser at Sognefjellet også kan bli stengt på kort varsel på dagtid.