Uvêr stenger Sognefjellet
Dårlege køyreforhold og uvêr gjer at fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengd. Det melder Statens vegvesen. – Det er glatt og snø i vegbana. Då er det ikkje tilrådeleg å køyre over der med sommardekk, som dei fleste har no, seier trafikkoperatør Tom Halsen. Det vil bli gjort ei ny vurdering av fjellovergangen klokka 16.