Hopp til innhold

Uvêr skapar no problem på fleire fjellovergangar

Uvêr skaper no på fleire fjellovergangar, opplyser Statens vegvesen. Fylkesveg 50 Hol – Aurland vart no i ettermiddag steng stengt på grunn av vêret.

Hol - Aruland stengt

STENGT: Uver skaper no problem på fleire fjellovergangar.

Foto: Webkamera Statens Vegvesen

– Det byrjar å bli ruske no, seier vaktoperatør Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

På riksveg 52 Hemsedalsfjellet er det no kolonnekøyring. Fylkesveg 50 Hol – Aurland er stengt det er også Riksveg 13 Vikafjellet. På E16 Filefjell er det somme stader redusert sikt og tilrådd at vogntog brukar kjetting.

– Dei som no skal ut å køyre på fjellovergangane, bør tenke seg om å vurdere om dei kan utsette turen til i morgon. Det er ikkje kjekt å køyre i kolonne, og det er i grenseland til at det kan bli heilt stengd.