Hopp til innhold

Uvêr skapar kaos på fjellovergangane i Sør-Norge

Uvêr skapar no problem på fleire fjellovergangar i Sør-Norge.

Hardangervidda 5. april 2017

Uvêr: Dårleg ver gjer at Riksveg sju over Hardangervidda og fem av dei andre store fjellovergangane i Sør-Norge stengde på grunn av dårleg vêr.

Foto: Statens vegvesen

Berre E16 over Filefjell og riksveg 52 Hemsedalsfjellet er heilt opne, men på Hemsedalsfjellet kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel

– No er det ruskete, og svært dårleg vêr på dei aller fleste fjellovergangane. Men det ser ut til at vêret skal roe seg litt ut på dagen. Det vert litt mindre nedbør og litt mindre vind. Vi får håpe at det stemmer, seier trafikkoperatør Jan Marøy Vegtrafikksentralen i Bergen.

På desse vegane er det stengt eller kolonnekøyring på grunn av uvêr:

  • Rv 5 Sogndalsdalen: På riksveg fem er det no rydda i Sogndalsdalen nordvest for Sogndal der fleire vogntog stod fast og ein bil hadde køyrt av vegen. Det er ein del slaps i vegbana, og politiet ber bilistar køyre etter forholda.
  • Rv 7 Hardangervidda: Stengt pga. uvêr.
  • Rv 13 Vikafjellet: Ope for fri ferdsel
  • Rv 15 Strynefjellet: Kolonnekøyring pga. uvêr.
  • Fv 50 Hol-Aurland: Open for fri ferdsle, kan bli kolonnekøyring på kort varsel.
  • Fv 51 Valdresflya: Stengt pga. vanskelege køyreforhold.
  • Fv 53 Tyin-Årdal: Før klokka 18 vart vegen opna for fri ferdsel
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring pga. uvêr. Fjellovergangen kan bli stengt på kort varsel.

Her kan du lese oppdaterte vegmeldingar.