Hopp til innhold

Uvêr på fjellovergangane: Kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet

Vinden har ikkje løya og det er framleis dårleg sikt på fleire fjellovergangar. I låglandet er det også vanskelege køyreforhold på fleire vegstrekningar.

Hemsedalsfjellet

SNØFOKK: Det er dårleg sikt på Hemsedalsfjellet og kolonnekøyring.

Foto: Statens vegvesen/webkamer

Det er vanskelege køyreforhold på grunn av snøfokk og sterk vind.

– Det bles godt på fjellet, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Så langt har Vegtrafikksentralen berre fått melding store problem på vegane. På riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster fekk eit vogntog problem og måtte legge på kjetting.

Statens vegvesen var på staden og dirigerer trafikken, og stengte vegen ein periode. I 19-tida vart vegen opna for fri ferdsel. Men det er vanskelege køyreforhold med snødekke og redusert sikt på grunn av snøfokk mellom Kjøsnes og Fjærlandstunnelen.

Også på fylkesveg 614 i Magnhildskartunnelen har det vore bilberging tysdag kveld.

Varsla sterk vind på fjellet

Meteorologisk institutt har varsla sterk vind på fjellet og langs kysten i dag. I går vart det sendt ut obs-varsel for fleire fylke på grunn av sterk vind, men det vart tona ned i dag. Det ser likevel ut som at vinden vil merkast godt på fjellet i ettermiddag og kveld.

– Meldingane viser at det ikkje blir betre dei første timane. Det må nok gå nærmare mot midnatt før det betrar seg, seier Erikstad.

Dermed kan det vere lurt på planlegge turen over fjellet, dersom ein må køyre i kveld.

Klokka 16.10 er status på vegane følgjande:

  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengt
  • Fylkesveg 50 Aurland – Hol – kolonnekøyring
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – kolonnekøyring
  • Fylkesveg 53 Årdal - Tyin - stengt