Hopp til innhold

Mange vegar er stengde eller har kolonnekøyring

Det er svært dårleg vêr og føre over fleire fjellovergangar. Skal du over fjellet må du bu deg på stengde vegar eller kolonnekøyring.

Ventar på kolonne

VENTAR PÅ KOLONNE: Fleire lastebilar ventar på kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet.

Foto: Webcamera Statens vegvesen

Siste: Klokka 14:23 melder Statens vegvesen at rv 52 Hemsedalsfjellet er ope for fri ferdsel. Like etter klokka 15 opnar riksveg 5 etter å ha vore stengd sidan i natt på grunn av snøskred.

Statens vegvesen opplyser at fleire fjellovergangar har problem med vêr og føre. Det er kolonnekøyring over dei viktigaste fjellovergangane i morgontimane.

– Det er berre over Filefjell eller Hemsedalsfjellet ein kjem seg over i morgontimane i dag, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Ketil Molvær. Klokka 1030 vart Filefjell opna for fri ferdsel.

Filefjell

UVÊR PÅ FJELLOVERGANGANE: Det er store problem på fjellovergangane i morgontimane. Her frå Filefjell som har kolonnekøyring.

Foto: Webcamera Statens vegvesen

– Dei klarer å halde unna trafikken så langt. I kolonna tar med seg 25 bilar i slengen, så så langt går det greit, seier Molvær.

Klokka 07 var følgjande fjellovergangar er stengde eller har kolonnekøyring.

  • Rv 52 over Hemsedalsfjellet har kolonnekøyring
  • Rv13 over Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr og blir ikkje opna i dag
  • Rv 15 på Strynefjellet er stengt på grunn av uvêr og ras, ny vurdering klokka 14
  • Rv. 5 gjennom Sogndalsdalen er stengt på grunn av ras
  • Rv.15 Hol - Aurland er stengt på grunn av rasfare, blir ikkje opna i dag
  • Fv 53 Årdal - Tyin er stengt på grunn av fare for ras.

Også fleire fylkesvegar og riksvegar er stengde. For å få full oversikt kan du få her.

– Det er eit godt råd å vente med å køyre over fjellovergangane, seier Molvær.

Han håpar på å få meir informasjon om stengingane og kor lenge dei vil vare i 10-tida i dag.