NRK Meny
Normal

Fri ferdsel på dei fleste fjellovergangane

Uvêret som har skapt trøbbel i fjellet i Sør-Noreg er på hell. I løpet av natta er dei fleste av fjellovergangane som har vore stengde på grunn av uvêr, no opna for trafikk igjen.

Filefjell

NORDLEGE ALTERNATIV: E16 over Filefjell (bildet) og rv. 15 over Strynefjellet er dei einaste fjellovergangane som er open for fri ferdsel mellom aust og vest. Begge ligg langt nord, som fører til lange omvegar for reisande frå Hordaland og Rogaland.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen

– Uvêret er på hell og det kan sjå ut som at det verste er over. På Haukeli håpar vi å opna for fri ferdsel så lenge vêret heldt seg, sa Inge Bjørnerud, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Porsgrunn, søndag.

Like før klokka 18 var det fri ferdsle over to fjellovergangar mellom aust og vest. Det var E16 over Filefjell og rv. 15 over Strynefjellet.

Like før klokka 20 søndag kveld opna E134 Haukelifjell for kolonnekøyring, etter å ha vore stengt grunna rasfare sidan tidleg søndag morgon.

Biler venter i kolonne på E134 over Haukelifjell

BU DEG PÅ DETTE: På fleire av fjellovergangane kan det fort bli kolonne eller stengt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det vart også innført kolonnekøyring på fv. 53 Årdal-Tyin for første gong sidan vegen vart omgjort frå riksveg til fylkesveg for mange år sida. Årsaka er at fylkesveg 53 mellom Årdal og Fodnes er stengt grunna rasfare og bygda hadde blitt isolert om fjellovergangen hadde blitt stengt.

Vind og snøfokk gjer at Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyreforhold i fjellet i Sør-Noreg.

– Det ser ut til gå mot at alle hovudfartsårene mellom aust og vest anten vert stengt eller kolonnekøyrt i løpet av kvelden. Skal ein over bør ein rekne god tid, ha godt med drivstoff og gode vindaugsviskarar, sa Ketil Molvær på Vegtrafikksentralen i Lærdal søndag.

Dette er status på fjellovergangane i Sør-Noreg, måndag klokka 07:

E6 Dovrefjell: Stort sett snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 05.40 var det -12 grader, sørleg lett bris og skya.

E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Klokka 05.30 var det -3 grader, laber bris og lett snø.

E134 Haukelifjell: Opna for trafikk.

Rv. 7 Hardangervidda: Fri ferdsel etter uvêr.

Rv. 9 Hovden–Haukeli: Snø- og isdekke. Klokka 23:30 var det -2 grader, laber bris og snø.

Rv. 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av snøskred og fare for snøskred. Ny vurdering klokka 15.

Rv. 15 Strynefjellet: Fare for glatte parti.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Fri ferdsel etter uvêr.

Fv. 50 Hol – Aurland: Fri ferdsel etter uvêr.

Fv. 53 Tyin – Årdal: Fri ferdsel etter uvêr.

Laster Twitter-innhold