NRK Meny
Normal

Uvêr i fjella – berre Filefjell er heilt ope

E16 over Filefjell er den einaste av hovudvegane aust–vest som er open i Sogn og Fjordane onsdag kveld.

Webkamera E16 Smedalen Filefjell

FRI FERDSLE: Slik såg det ut på E16 ved Honingane bru på Lærdal-sida av Filefjell onsdag klokka 18.26.

Foto: Statens vegvesen

Uvêr skapar trøbbel, tidlegare onsdag var riksveg 55 mellom Sogndal og Gaupne stengd ved Indre Hafslo mot Marifjøra. Det var ein personbil som hamna i grøfta.

Det var omkøyring via gamlevegen på Lambhaug, men også der hadde ein bil køyrt i grøfta.

Vogntog av vegen E16 Gudvangen

UTFOR VEGEN: På E16 ved Gudvangen har eit vogntog køyrt av vegen. Det er fri passasje for andre trafikantar, ifølge NRK-tipsar.

Foto: NRK-tipsar

I 18-tida onsdag kveld er det berre E16 over Filefjell som er heilt ope på ferdslevegane mellom aust og vest i Sogn og Fjordane.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er kolonnekøyrt. Rv. 13 over Vikafjellet er stengt. Rv. 15 Strynefjellet er stengt. Alle på grunn av uvêr.

Men fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Tyin er open.

Riksveg 7 over Hardangervidda har opna for fri ferdsle, men det ser ut til at vêret skal dra seg til att, ifølge Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Webkamera Bjøberg Rv. 52

KOLONNE: Slik såg det ut på Rv. 52 ved Bjøberg på austsida av Hemsedalsfjellet klokka 18.23 onsdag.

Foto: Statens vegvesen

Kniper seg til

– Vi veit ikkje kor lenge dei klarer å halde Hardangervidda oppe. Over Haukeli byrja dei med kolonnekøyring i 16-tida, opplyser trafikkoperatør Roger Nedberge Hille.

Han seier at Strynefjellet er heilt uaktuelt å opne i dag, slik stoda er no.

Aurland–Hol er framleis stengt, etter å ha vore stengt i heile onsdag.

Tidlegare hadde ein del vogntog problem ved riksveg 5 ved Lundebotn i Jølster på veg opp mot Fjærlandstunnelen, men skal vere i orden no, ifølge Nedberge Hille.

Kø Indre Hafslo grunna utforkøyring

UHELL: Det danna seg kø ved Indre Hafslo grunna utforkøyringane onsdag.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Prognosane frametter

På Hardangervidda er det meldt at vêret skal halde seg stabilt fram til 04-tida torsdag morgon. Då skal det skal auke på att. Hardangervidda kan altså bli stengt att i morgontimane torsdag, ifølge sentralen i Lærdal.

– Det er mogleg at Hemsedalsfjellet vil halde seg fint gjennom natta og opne for fri ferdsle att i morgontimane. Men det skal bli mildare på morgonkvisten og snøen går over til regn. I denne overgangsfasen kan det vere glatt på vegen, åtvarar Nedberge Hille.

Han tvilar på at Hol-Aurland blir opna torsdag.

– Det skal løye litt i natt. Men Aurland-Hol blir tidlegast opna utpå dagen torsdag.

Etter vêrprognosane onsdag kveld, er det rom for at Strynefjellet opnar att torsdag føremiddag.

Hafslo, bil av vegen

STENGT: Vegen ved Indre Hafslo var stengt.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.