Hopp til innhold

Uvêr gjer at snøskredfaren er stor

NVE ventar store snøskred i Sør-Noreg dei neste dagane. Faregraden er stigande.

sNØSKRED

NATURLEG UTLØYSTE: Varslingstenesta Varsom.no melder om at dei det neste dagane vil komme nokre store naturleg utløyste skred. Her frå eit skred som stenger fylkesveg 152 i Balestrand.

Foto: ARNSTEIN MENES

– Det er ganske utfordrande forhold i fjellet no, seier vaktleiar Espen Nordahl ved varslingstenesta Varsom.no

Det er varsla full storm i vest og på fjellet, noko som gjer at det i store delar av Sør-Noreg er betydeleg fare for snøskred. Det hissige lågtrykket tar med seg mykje vind og nedbør, som gjer at faren for skred er stigande.

Natt til torsdag går faregraden over frå betydeleg til stor på Vestlandet.

– Det er spesielt i Hordaland det vil komme mykje nedbør og vind. Det gjer at vi går opp til faregrad fire i områda ved Hardanger og Voss, seier Nordahl.

På torsdag forventar NVE fleire store og naturleg utløyste skred i vest.

Ber folk utan erfaring halde seg vekke frå skredterreng

Ved skredvarslinga ber dei folk vere forsiktige dei neste dagane.

– Folk utan kunnskap om skred bør halde seg vekke frå skredterreng, seier Nordahl.

Frå torsdag av er det betydeleg snøskredfare i Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre, Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Hallingdal og Vest-Telemark. I Hardanger og på Voss er det stor fare for snøskred.

Først frå fredag vil faregraden bevege seg nedover på skalaen.

– Faren for skred vil halde seg fram til helga, men i sjølve helga får vi truleg betring, meiner Nordahl.

Snøskred i Hemsedal skisenter

BER DEG VERE FORSIKTIG: Vaktleiar Espen Norddahl ved varslingstenesta Varsom.no ber alle utan erfaring halde seg vekke frå skredterreng.

Foto: Steinar Bleken