Hopp til innhold

Ho hadde ikkje planar om å få merksemd - men det fekk ho til gagns

Førde-jenta Ida Løken hadde aldri drøymt om at det skulle vekkje slik oppsikt at ho bur i ei hole i Aurland.

Førde-jenta Ida Løken har opplevd mykje merksemd for hennar liv som holebuar i Aurland.

SJÅ VIDEO: Dette har vore hybelen til Ida i vinter og vår.

Sist laurdag var ho gjest i talskshowet til Anne Lindmo på NRK1, og ho er blitt intervjua av ei rekkje aviser. Også utanlandske medier har fatta interesse for henne.

– Eg hadde ikkje planar om å få merksemd i det heile, men så var det ei venninne som meinte ho måtte få lov til å tipse Firda om det. Og så hadde vi eit veddemål om det kom til å bli førstesidesak. Eg tapte det veddemålet.

Og frå oppslaget i Firda har det spreidd seg til ei rekkje aviser, radio og TV.

I dag var NRK med Ida på frukosten i hola, eit lite stykke oppe i ei ur over Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Der er ho elev og budde den første tida på internatet på skulen, som dei andre elevane.

– Gratiskonsert kvar morgon

Men i vinter har ho budd i hola, som berre ligg nokre få minutts springmarsj frå skulen.

– Her har eg gratiskonsert kvar morgon, seier Ida og siktar til fuglekvitteret rundt hola.

Også ei ugle gir lyd frå seg. Og Ida er oppteken av småkryp som edderkoppar og sniglar. I det heile er ho meir enn normalt oppteken av naturen.

– Eg likar ikkje å gjere forskjell på artane. Sniglane har like mykje livets rett som meg, så difor ser eg meg om så eg ikkje trakkar på dei.

Utsikt frå hola til Ida Løken

UTSYNET: Etter at det kom lauv på trea er det ikkje så mykje å sjå frå hola til Ida.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Trist å forlate hola

Inne i hola er det lågt under taket. Det er ein bålplass med pipe og eit vedlager.

– Så har eg ei seng av halm og ull og ein sovepose, eg har litt naudproviant i tilfelle noko skulle skje, og så har eg ein ammunisjonskasse med ein sovepose og kle dersom eg skulle fryse, og eg har ein fluktstol etter Jørgen, som budde her i fjor.

Opphaldet i hola går mot slutten, for Ida er ferdig på skulen 21. mai.

– Då blir det vel ein utflyttingsprosess etter det.

– Korleis blir det då?

– Det blir grådig trist.

Sogn Jord- og Hagebruksskule-elevar

PÅ SKULEN: Ida saman med lærar Kristin Ryum og medelevar i geitefjøsen på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK