Hopp til innhold

Lærdalstunnelen, Hornindalsvatnet og Stryn sommarski gjer Noreg til verdas beste stad

Lærdalstunnelen, Stryn sommarski og Hornindalsvatnet er tre av 25 grunnar til at Noreg er verdas beste stad. Det meiner den amerikanske nettstaden Huffington Post.

Tunnel og djupt vatn gjer Noreg til verdas beste stad

TUNNEL OG DJUPT VATN: Lærdalstunnelen og Hornindalsvatnet blir trekt fram som to av 25 grunnar til at Noreg er verdas beste stad.

Foto: Montasje: Brit Jorunn Svanes/Anitha Kvamme

– Det var utruleg kjekt, og velfortent. Vi seier og påstår ofte at vi bur midt i smørauget, og har attraksjonar i verdsklasse, så det er veldig flott at nokon andre påpeikar det, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes, tydeleg stolt.

Den amerikanske nettstaden Huffington Post, som har vore kåra til verdas mektigaste blogg og ein av dei mest populære amerikanske nettstadane, publiserte nyleg 25 grunnar til at Noreg er verdas beste stad.

Der er Lærdalstunnelen, Stryn sommarski og Hornindalsvatnet trekt fram som tre av dei 25 beste grunnane til at ingen andre stader i verda slår Noreg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdalstunnelen

SOM EIT SORIA MORIA: Også Fylkesordførar Åshild Kjelsnes let seg, som Huffington Post, imponere over Lærdalstunnelen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Forstår at området og attraksjonane vekk oppsikt

– Eg har alltid syns Lærdalstunnelen er flott. Det er nesten eit Soria Moria når eg køyrer der, med lyset som openberrar seg i det fjerne. Det må vere heile spesielt for folk som ikkje er vande med det å køyre der. Så det er artig at den er med på lista, seier Kjelsnes.

Og i Reisemål Stryn og Nordfjord set dei stor pris på omtalen.

– Dette er sjølvsagt viktig for oss. Vi får stadfesta at vårt område er attraktivt og interessant. Det er veldig bra at det ikkje berre er ein ting som er drege fram. Det kjem fram at Noreg ikkje er mørkt, kaldt, dyrt og kjedeleg, men faktisk har eit stort spekter av attraksjonar, natur og ting å by på, seier marknadssjef i selskapet, Beate Vik Hauge.

Har ein ubeskriveleg verdi

Hauge seier det er vanskeleg å talfeste kva eit slikt oppslag konkret får å seie for tal på besøkande og i kroner og øre.

– Artiklar som frontar området vårt har stor verdi. Når ein truverdig journalist skriv om attraksjonar her, så har det ein verdi vi ikkje kan måle i kroner. Folk trur meir på det enn om vi skulle ha kjøpt liknande merksemd sjølve, seier ho.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

GLAD FOR OMTALEN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner området må utnytte all skryt som kjem i enno større grad.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ho legg til at slike artiklar gjer at for dei som har snakka om ein tur til Noreg, eller som har fått auga opp for landet eller Vestlandet som område, så kan dette vere det som er utslagsgjevande for at folk faktisk tek turen.

– Oppslag i sosiale media, alle fine bilete av området, og elles all informasjon som er med på å bygge opp under at Noreg og Vestlandet er staden å reise, gjer det meir sannsynleg at folk reiser. Det er også draghjelp for oss som skal marknadsføre området.

– Vi må utnytte positive omtale betre

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er oppteken av at folk tek skrytet til seg, og brukar den for det den er verd.

– Fleire kåringar og store medieoppslag kårar området vårt til verdas flottaste, og det bør ikkje kome overraskande på oss. Vi veit at vi har omgjevnadar i verdsklasse, seier ho.

Ho trekk også fram at bilete frå Lodalen og Nærøyfjorden skal pryde Times Square i New York neste år, når ho understrekar kor viktig det er å bruke slik omtale til å gjere området enno betre.

– Omtalar som dette må vi bruke mykje sterkare i argumentasjon kring utbygging av infrastruktur som til dømes utbygging av breiband.