Av Camilla Tjønn Thingvoll og Kjell Arvid Stølen
Det var i forrige veke arkeologane fann dei to jernvinneanlegga og 29 kolgroper i Buhaugane på Filefjellet, nær grensa til Oppland. Det har tidlegare vore registrert jernvinneanlegg i nabofylket, men det er altså første gongen at det er oppdaga i den delen av Filefjellsområdet som tilhøyrer Sogn og Fjordane.
Jernvinneanlegga skal stamme frå 1000-talet.
Planar om hyttebygging
Arkeologane fann jernvinneanlegga og kolgropene fordi dei gjorde ei arkeologisk registrering i samband med hyttebygging i område. Det er planlagt å byggje eit hundretals hytter der anlegga vart funne. Arkeolog på fylkeskulturkontoret, Eva Moberg seier dei no vil prøve å finne ei løysing som gjer at anlegga ikkje vert skada, samstundes som hyttene kan bli bygde.