Utviklar Vestkapphuset

Kristina Myrseth og Storm på Stad får 98 500 kroner i etablererstøtte frå Selje kommune. Det skriv Fjordenes Tidende. I sommar opna Myrseth på nytt dørene til Vestkapphuset som blei rasert av orkanen Dagmar. Planen er å byggje det ut med hotellrom eller modular, og eit kystsenter med opplevingsaktivitetar for ulike målgrupper, skriv avisa.