Hopp til innhold

Utviklar ny teknologi for laksesmolt i landbaserte anlegg

Sogn Aqua er med i eit nytt prosjekt som skal utvikle teknologi for landbasert produksjon av laksesmolt og stamfisk.

Laks

NY TEKNOLOGI: Sogn Aqua utviklar teknologi slik at laksen kan vere større før den blir sett ut i sjøen. (Arkivfoto)

Foto: Terje Marøy / Scanpix

Målet er å redusere produksjonstida i sjø, og dermed også redusere problemet lakselus, utslepp og rømming.

– Når ein større del av produksjonen skjer i eit lukka system, vil det bli mindre belastning på miljøet, seier prosjektleiar Åse Åtland i Norsk Institutt for vassforsking (NIVA).

Brukar djupvatn på land

Sogn Aqua har utvikla teknologi som er brukt i landbasert produksjon av kveite. Ved kveiteanlegget i Slantevika i Høyanger har gründerane utvikla ein spesiell metode for vassbehandling som er svært energiøkonomisk

Jan Arne Brekke i Sogn Aqua seier det er denne teknologien ein no vil tilpasse produksjon av laksesmolt, i samarbeid med NIVA.

– Dette er eit prosjekt som skal vidareutvikle den teknologien vi har brukt på kveita. Vi har jobba sidan 2006 med ein teknologi som går på å bruke djupvatn i Sognefjorden til å drive effektiv landbasert produksjon. Det har fungert veldig greitt på kveita, så prøver vi det på laksesmolt.

Mykje større marknad

Brekke seier det betyr mykje å få vere med på eit slikt prosjekt, for då får dei utvikle teknologien sin.

– Laksenæringa er enormt mykje større enn kveite, så dette kan bety ein mykje større marknad for oss.

Laksen går i ferskvatn til den er 80–150 gram, men deretter er det vanleg å setje den ut i sjøen. Målet er å få fisken større før den blir sett ut.

– Vi treng å få utvikle oss, så vi ser for oss å få fisken opp i 500 gram til eit kilo før den blir sett ut i sjøen.

Kan redusere sjukdom og rømming

Fordelen er at produksjonstida i sjøen blir kortare, noko som kan redusere risikoen for til dømes lakselus, sjukdom og rømming.

– Vi ser ikkje for oss at vi skal gå direkte over på ein landbasert produksjon med stor fisk. Det vil krevje store landområde og mykje energi om alt skal produserast på land. Det har heller ikkje vore god nok teknologi, men det er her vi kjem inn, seier han.