NRK Meny
Normal

Utviklar miljøvenleg teknologi

Anortositt frå Gudvangen skal redusere klimautslepp.

Gudvangen Stein.

Nordic Mining og Statoil Hydro inngjekk ein ein avtale under oljemessa i Stavanger denne veka.

Nordic Mining eig gruveanlegget i Gudvangen, og samarbeidet skal resultere i ny og banebrytande teknologi.

Anortositt
Foto: www.nhm.no

Ved å bruke CO2 ti lå foredle anortositt frå Gudvangen, skal verdien av mineralutvinninga bli større. Prosessen skal munne ut i produksjon av aluminium.

Sekundært kan dette medverke til å redusere utslepp av CO2 i atmosfæren, heiter det i ei pressemelding frå Nordic Mining.

I første omgang skal anortositt frå Gudvangen nyttast i forsøka. Etterpå skal selskapa prøve ut om det er mogleg å binde CO2 i mineralet eklogitt frå Engebøfeltet i Naustdal.