Hopp til innhold

Utvik skulle berre operere lyskebrokk, så balla det berre på seg

SOGNDAL (NRK): Bjørn Inge Utvik (20) klarte nesten å slite seg gjennom fjorårssesongen. Det angrar Sogndal-stopparen på i dag.

Bjørn Inge Utvik

I GANG ATT: Bjørn Inge Utvik er godt nøgd med å vere i gang att med treningane etter operasjonen i november i fjor.

Foto: Christian Blom

– Kanskje eg tek lærdom frå det, og av og til tek signala frå kroppen litt tidlegare. Men det er ikkje lett. Ein vil jo spele fotball og då er det ikkje lett å gi seg, seier Bjørn Inge Utvik.

Operert i november

U21-landslagsspelaren stogga på 20 kampar i fjor. Innhoppet borte mot Start 21. august vart sesongens siste kamp for 20-åringen. I november vart han operert for mellom anna gilmore's groin ved Volvat Medisinske Senter i Oslo.

Denne veka starta han sesongoppkøyringa i selskap med Gilbert Koomson og trenar Marius Lennie Bø.

– Det er ekstremt godt å vere tilbake i Sogndal og i gang med treningane igjen. Eg trur det blir litt roleg denne veka og neste, så reknar eg med å vere i full gang, seier han.

Starta i mars

Lengre skadeavbrekk er ikkje ukjende for midtstopparen til Sogndal. I 2015 sette ein kneskade han ute av spel i fleire månader.

I fjor utvikla smertene seg gradvis frå mars, til kroppen sjølv varsla at nok var nok.

– Eg klarte å halde meg i gang gjennom sommaren og ut på hausten, og tenkte at eg skulle klare resten av sesongen då eg hadde stått over ein halv sesong. Så sa det berre stogg, seier han.

Fekk meir å «fikse»

Problemet viste seg å ikkje berre vere venstre lysk.

– Dei fann ei scene som var splitta opp frå lysken til magen, og bukveggen var øydelagd. Så det vart litt ekstra å fikse, men no er eg så å seie i full trening att, seier han.

Utvik forsikrar at han ikkje kjenner noko til skaden.

– For meg handlar det no om å komme seg heilt på beina og å få ein skadefri sesong. Då skal eg vere med på alt, og spele dei fleste kampane, legg han til.

Spent på sesongen

Gjennom fjorårssesongen utvikla Hannu Patronen og Christhope Psyché eit godt partnarskap i midtforsvaret til Sogndal. No er Patronen vekke, det er også venstreback Jukka Raitala.

Utvik er spent på sesongen som kjem, og meiner det er for tidleg å samanlikne Sogndal anno 2016 med årets utgåve.

– Ein må ikkje gløyme dei nye som er komne inn, og eg trur at dei kan bli viktige. Så er det viktigast for oss å jobbe vidare på det gode grunnlaget vi la i fjor. Eg tykkjer det er eit veldig bra opplegg Terje Skjeldestad og Eirik Bakke har starte med. Eg trur det blir bra, avsluttar han.