Hopp til innhold

Utvik eit halvt år etter: – Mykje står att

UTVIK (NRK) Arbeidet med å bygge opp att Utvik etter storflaumen har gått føre seg i snart eit halvt år. Framleis står mykje att. For Arne Hage har det vore travelt.

Utvik etter flaumen

OPPATTBYGGING: Maskinentreprenør Arne Hage er ein av dei som har hatt nok å henge fingrane i sidan storflaumen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det har gått i eitt. Det blir mykje masse som skal på plass att. Alt skal gjerast skikkeleg, røyr og infrastruktur skal på plass. Samt at fire prosjekt går samstundes, og alle vil ha hjelp med ein gong. Men det har gått bra. Vi har fått gjort veldig mykje, seier Arne Hage, som er maskinentreprenør i Utvik.

Det var 24. juli at storflaumen råka Utvik i Stryn kommune. Etter mykje nedbør vart idyllen ved Nordfjorden på kort tid eit katastrofeområde. Sidan då har mykje arbeid vore gjort for å bygge opp att bygda.

Utvik. Flomskader. 2 dagar etter.7

FLAUM: Vassmassane raserte store deler av bygda Utvik.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Arbeidet går i å køyre massane som har enda i fjæra opp att i hola som elva har laga. Det blir faktisk tusenvis av kubikk. Ikkje berre matjord, men også anna masse som elva tok med seg over vegen og på fjorden, seier Hage.

Han trur ikkje arbeidet er ferdig på lenge enno.

– Det vil gå lang tid. På nyåret byrjar problematikken med ny kraftstasjon, pluss arbeidet oppover i storelva.

Huset usikkert

Tanja Hage bur mellom dei mykje omtala bruene etter flaumen, og dermed midt i anleggsområde for oppattbygginga.

– Eg har sett bort på anleggsplassen sidan flaumen. Det er for så vidt greitt å sjå arbeidet på nært hald, kor gale det gjekk, og kor fint det blir no, seier Hage.

Tanja Hage

ARBEID: Tanja Hage bur eigentleg midt i eit anleggsområde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vassmassane vaska vekk grunnen rundt huset hennar. Det gjer at ho er uviss på framtida for heimen sin.

– Fleire har vore og sett på huset, det har teke lang tid. Vi føler at det ikkje er blitt gjort ein god nok jobb til at vi kan slå oss til ro. På nyåret skal grunnen undersøkjast på nytt for å finne ut om det er setningsskade under huset som på sikt vil gjere det skeivt eller ustabilt.

– Korleis har flaumen påverka bygda?

Oppattbygging av Utvik
Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Folk har blitt meir samansveisa. Folk har vore flinke til å snakke med kvarandre og bry seg om kvarandre. Bygdefolket er veldig interessert i at bygda skal byggast opp att slik den var, berre enda finare, seier Hage.

– Trygg

– Kor trygg føler du deg når det regnar og det er mykje snø i fjellsida?

– Eg tenker meir på det enn før. Tidlegare tenkte eg ikkje på det i det heile teke. Eg veit jo at det er mykje lausmasse i elveløpet langt oppover fjellet. Dette vil jo kome ned på eit eller anna tidspunkt, seier Hage.

Maskinentreprenør Arne Hage er trygg på at det ikkje skjer igjen.

– Eg har veldig stor tru på at dette går bra. Det er gjort skikkeleg arbeid her, både av NVE og andre, seier Hage.

Utvik i vinterdrakt, gravemaskin jobbar med å flytta matjord frå fjorden tilbake til garden til Venke Bruland. Bruland peikar og forklarar. Arkivbileter frå flaumen i Utvik. Tanja Hage framfor huset sitt, og framfor Storelva, ved bruene som går over elva. Intervju med Arne Hage på gravemaskina. Venke Bruland som står og pratar med han.

VIDEO: Sjå TV-innslaget.

.