Veronica-saka: Psykolog og fastlege blir granska

Helsetilsynet utvidar no granskinga som skal finne ut om helsevesenet kunne forhindra dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

FUNNEN DØD: Veronica Heggheim Stegegjerdet blei funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal i november i fjor.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

– På bakgrunn av dei opplysningane vi fekk inn derifrå fann vi ut at vi måtte utvide tilsynssaka. Det vil seie at vi no også opnar tilsynssak med fastlege og ein kommunepsykolog i denne saka, seier assisterande fylkeslege Signe Marit Stephanides til NRK.

I tillegg til Indre Sogn psykiatrisenter, fastlegen og ein psykolog, må også ein ruskonsulent no leggje fram alle tilgjengelege opplysningar.

Ser alvorleg på saka

Fylkeslegen i Hordaland ønskjer å finne om livet til 22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet kunne vore redda av helsevesenet.

– Vi køyrer jo ei tilsynssak for å undersøkje om helsehjelpa har vore innanfor det som kan forventast, og om det har skjedd ein svikt i helsehjelpa. Dersom det er slik at det har skjedd ei svikt i helsehjelp som har ført til alvorleg sjukdom eller død, så ser vi jo alvorleg på det, seier Stephanides.

Har purra Helse Førde

Fordi at ein tilsett hos fylkeslegen i Sogn og Fjordane tidlegare har jobba med Veronica Heggheim Stegegjerdet, er det fylkeslegen i Hordaland som køyrer granskinga. NRK veit at dei også har purra på Helse Førde for å få all informasjon lagt på bordet.

– Ofte når vi då får inn noko informasjon, så opnar det opp for andre spørsmål som ikkje blir svara på med det vi har fått inn. Då må vi utvide tilsynssaka til å omfatte også andre etatar og anna helsepersonell som har vore involvert i saka, konkluderer ho.

NRK har vore i kontakt med dei aktuelle kommunane i Sogn, men ingen ønskjer å kommentere denne saka no.

– Vi tek dette til etterretning, seier rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, til NRK.