Hopp til innhold

Utvidar søket etter sakna mann

Søket etter den sakna mannen i Sognefjorden har no starta opp att. Politiet etterlyser båtføraren av ein kvit, open plastbåt.

Leiter etter person i Sognefjorden

SØKJER HELD FRAM: Fleire båtar og mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps er med i søket i dag.

Foto: Robert Jan Leerink

Det var ein rutebåt som observerte plastbåten mellom Sylvarnes og Vollevik på sørsida av Sognefjorden, onsdag morgon klokka 06:10.

Lensmann i Sogndal, Åge Løseth, ber no båtføraren ta kontakt.

– Dersom nokon har vore ute i båt på denne tida, håper vi dei snarast tek kontakt med politiet.

– Veit de at dette ikkje er same båten som mannen fall ut frå?

– Akkurat no veit vi ikkje, vi kan ikkje utelukke noko. Difor er det viktig å komme i kontakt med ein eventuell båtførar.

Meld sakna onsdag ettermiddag

Det som truleg er ei tragisk ulukke, vart først varsla onsdag ettermiddag då båtføraren kom til Vik med ein småbåt. Ein mann i 20-åra skal ha ramla i sjøen tysdag kveld, men vart først meldt sakna dagen etter.

Det blei sett i gang ein stor leiteaksjon etter ein mannen mellom Arnafjorden og Finnafjorden i Vik. Leiteaksjonen blei avslutta onsdag kveld klokka 23. Politiet trur no at mannen har omkome.

Utvidar søkeområdet

I dag skal det søkjast ved Vadheimsfjorden og innover mot Nessane. På sørsida blir det søkt ved Søreide og innover mot Finnafjorden.

– Vi skal no søkje i området det ikkje blei søkt så mykje i går. Vi utvidar altså søket, seier operasjonsleiar Inge Værøy.

Det blir sett inn fire båtar og mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps i leitinga. Det er ikkje planar om fleire helikoptersøk.

Nye avhøyr

Mannen som førde båten, sit framleis i arresten. Mannen var i avhøyr store delar av ettermiddagen og onsdag kveld. Men han har vore så rusa at han ikkje har klart å gjere greie for kva som eigentleg skjedde.

Lensmann Åge Løseth seier den førebelse forklaringa til mannen er at dei skulle fiske. Utover det ønskjer han ikkje å kommentere kva båtføraren har fortalt.