Hopp til innhold

Utvidar søk etter sakna

Politiet intensiverer søket i Tyin etter den sakna Charlotte Moene (17) frå Oppland.

Charlotte Moene
Foto: Politi / NRK

Fleire observasjonar i Tyin-området gjer at politiet søkjer bistand frå politi og røde kors til å leite på Oppland-sida av fylkesgrensa.

- Skildringane tyder på at det er henne, stadfestar konstituert lensmann i Årdal, Helge Øvstetun.

Ynskjer kontakt med bilistar

Frå Øvre Årdal til gamle Tyin hotel er det om lag 33 kilometer. Øvstetun seier at tipset frå Tyinkrysset kan stemme overeins med tipset frå gamle Tyin hotell og Tyinstølen. Politiet ynskjer å komme i kontakt med bilistar som kan ha køyrt på riksveg 53 forbi det aktuelle området mellom klokka 20 og 21 måndag kveld.

- Dersom nokon har køyrt forbi området i åtte ni-tida om kvelden, så ynskjer vi å komme i kontakt med dei, seier Øvstetun.

Observert i Tyin

Politiet har tidlegare i dag fått tips om observasjonar av ei jente langs vegen ved Tyinkrysset. Dei har i dag vore der, utan å komme noko lenger i saka.

- Vi har fått tilbakemelding. Det kunne kanskje tenkast at ho hadde vore der. Vi har det med oss vidare. Om ho har forlate bygda, så vil ho nødvendigvis ha reist gjennom Tyin, seier Øvstetun. Øvstetun har ingen indikasjonar på kvifor jenta skal ha teke vegen austover.

Ynskjer tips

Den sakna reiste frå heime kring kl 11.00 måndag føremiddag, og hadde ein avtale kl 12.00 som ho ikkje møtte opp til. Føresette meldte henne sakna klokka 15.30.

Politiet har i dag gått breidtt ut og etterlyst jenta både lokalt, regionalt og nasjonalt. Til no har dei fått inn om lag 20 tips i saka, men politiet er framleis interessert i fleire tips.

Tips og observasjonar kan ein gje til Operasjonssentralen Sogn og Fjordane politidistrikt på telefon 57 75 88 00, eller næraste politi.

Lys goretex-jakke

Jenta er 170 cm høg, har skulderlangt mørkeblondt hår med blonde striper. Då ho forsvann hadde ho på seg ei lys goretex-jakke med limefarga felt, dongeribukse som var lys/mørk og kvite sko.