Hopp til innhold

Har hatt suksess med fotlenkesoning - no skal fleire få sone straffa si heime

Ordninga med elektronisk fotlenke skal utvidast frå 1. mai i år. Då kan fleire domfelte få moglegheit til å sone heime.

Fotlenke

UTVIDAR ORDNINGA MED ELEKTRONISK FOTLENKE: Frå 1. mai i år, vil alle fylka i landet kunne nytte seg av soning med elektronisk fotlenke.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Akkurat no jobbar vi fram mot 1. mai. Då skal vi utvide området vårt betydeleg, noko som betyr at vi også skal dekke Møre og Romsdal.

Det seier Erik Onstad, leiar for friomsorga Sogn og Fjordane. Frå 1. mai skal alle fylka i Noreg kunne nytte seg av elektronisk soning med fotlenke. Friomsorga i Sogn og Fjordane vil då vere ansvarleg for drifta i begge fylka, og for deler av koordineringa i Møre og Romsdal.

Vellukka prøveprosjekt

Allereie i 2008 blei Sogn og Fjordane valt ut som eitt av seks prøvefylke for å teste fotlenkesoning som eit alternativ til fengsel. Dei fem andre var Oslo, Hedmark, Vestfold, Rogaland, Hordaland og Troms. Bakgrunnen var at ein ville teste ordninga både i byen og på bygda.

Ordninga er i dag etablert i 12 fylke, og frå 1. mai vil ordninga gjelde heile landet. Då vil 105 nye fotlenker vere på plass, og det vil totalt vere 342 fotlenker tilgjengelege for bruk.

Det har vore ei klar utvikling i bruk av elektronisk fotlenke dei seks siste åra. Tal frå Kriminalomsorga viser at det i 2008 var registrert 2 665 døgn i elektronisk fotlenke, medan det i 2012 var registrert 48 861 døgn med elektronisk kontroll. Elektronisk fotlenke har fleire fordelar, og kan blant anna frigjere meir plass i fengsla.

I følgje Onstad har ordninga vore ein suksess i Sogn og Fjordane. Han tykkjer det er positivt at ordninga blir utvida til å gjelde resten av landet.

–Det er mange fordelar med at domfelte kan sone på denne måten, og no blir det eit likt tilbod i heile landet.

Geografiske utfordringar

Onstad peikar på geografi som ei av utfordringane knytt til ei slik ordning i Sogn og Fjordane. Det blir ofte store avstandar og mykje reising når dei skal kontrollere dei domfelte.

–I dag har vi 12 personar som nyttar seg av fotlenke. I teorien kunne vi hatt 22, men på det meste har vi berre hatt 14. Det er eit komplisert fylke å reise rundt i med mykje fjell, fjord og ferjer, seier Onstad.

Det nye tilbodet skal også dekke Møre og Romsdal, noko som fører til eit endå større dekningsområde enn tidlegare. Men Onstad trur likevel at dei skal greie å organisere dei tilsette på ein slik måte at dei kan dekke fylket på ein best mogleg måte.

– Vi vil gå frå seks tilsette til ti. Dei vil bli fordelte med fem tilsette i Sogn og Fjordane og fem i Møre og Romsdal, elles hadde det blitt reising heile tida, seier Onstad.

God ordning

– Vi er svært nøgde. Ordninga fungert bra og vi har fått gode resultat. Vi har blant anna ein tilbakefallsprosent på berre sju prosent og god rehabilitering av dei domfelte, seier Onstad.

Hos friomsorga i Sogn og Fjordane har det stort sett vore promille, fart, økonomi og narkotikadømde som har fått nytta seg av elektronisk soning. Onstad seier at dette har fungert godt både for dei sjølv og dei domfelte.

– Det er eit veldig godt alternativ. Folk får behalde jobben, sitt sosiale nettverk og i tillegg er det ein langt rimelegare måte for samfunnet enn fengsel.

– Absolutt ei straff

Det er friomsorga som administrerer tida til den domfelte, men den domfelte kan få inntil fem timar fritid kvar veke. Men til trass for at dette kan sjåast som ei friare soningsform, så er Onstad klar i sitt syn.

– Mange opplever det som klaustrofobisk å få på seg lenka, og at dei må vere heime og ikkje kan styre tida si sjølv, så det er absolutt ei straff.

Domfelte som nyttar seg av denne ordninga må følge eit stramt tidsskjema. Dersom dei bryt det, blir dei kalla inn og vil risikere å returnere til fengsel for å sone resten av tida der.

– Det er veldig rigid tidsstyring av den domfelte. Det er inn og utgangstider på sekundet, og stort sett er dei domfelte flinke til å halde tida si og gi beskjed dersom det blir noko ordning.

Men det er éin ting som ikkje blir godtatt

– Dersom nokon har nytta seg av rusmiddel, så er det tilbake til fengsel i løpet av 24 timar. Det er det nulltoleranse for, seier Onstad