Hopp til innhold

Etterforskar Veronica si forsvinning for fullt gjennom helga - står førebels utan spor

SOGNDAL (NRK.no): Politiet i Sogndal har fått bistand frå kollegaer frå andre stader i fylket, og intensiverer etterforskinga etter at 22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sakna sidan førre laurdag.

Veronica Heggheim Stegegjerdet er sakna

HELD FRAM: Lensmann Norvald Ylvisåker stadfestar at politiet no intensiverer etterforskinga etter at Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore vekke sidan førre laurdag.

Foto: NRK / arkiv

Leiteaksjonen som starta tysdag er no avslutta, men politiet tek saka på høgste alvor. . Bakgrunnen for leiteaksjonen var at pårørande då ikkje hadde hatt kontakt med ho sidan laurdag.

– Vi køyrer på for fullt no. Vi har fått bistand frå kollegaer frå fjordane og vi intensiverer etterforskinga. Frå i går, i dag, i helga og vidare framover, opplyser fungerande lensmann i Sogndal, Norvald Ylvisåker til NRK.

Politiet vil ikkje spekulere i kva som kan ha skjedd med den 22 år gamle kvinna, som budde aleine i eit husvære i Årøy mellom Sogndal og Hafslo.

– Vi har ingen teoriar, og vi held alle moglegheiter opne. Vi jobbar breitt med ulike innfallsvinklar.

– Korleis går de no vidare i etterforskinga?

– Det er å innhente opplysningar på ulike måtar gjennom etterretning og etterforsking og håpa at vi etter kvart skal få opplysningar eller spor som kan føre til at vi finn den sakna, seier Ylvisåker.

Ei rekkje etterforskarar vil halde fram med å prøve å løyse forsvinningsgåta, og politiet vurderer no fortløpande om dei skal hente inn ekstern hjelp frå KRIPOS eller andre.