Hopp til innhold

Utvida Sogningen yppar seg

Sogningen Storsenter i Sogndal vil bli størst i fylket når det utvida senteret opnar om ein månad.

Sogningen Storsenter

BLIR KRAFTIG UTVIDA: Sogningen storsenter i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Målsettinga er at det 25.000 kvadratmeter store handelssenteret skal omsette for nærare ein milliard kroner i året. Dagleg leiar Wilhelm Tangerud legg ikkje skjul på ambisjonane.

– Vi ynskjer å bli det største handelssenteret i Sogn og Fjordane med tanke på omsetning, og eg har veldig god tru på at vi blir det i løpet av 2013.

Totalt 58 butikkar

Den 15. november opnar dørene i nye Sogningen storsenter - då med 10 000 ekstra kvadratmeter og totalt 58 butikkar. Det er det behov for i Sogndal, seier Tangerud.

– Utan tvil, ja. Sogndal er ein kommune med stor vekst, med stor tilflytting og mykje positivitet. Det er gjort undersøkingar som viser at det er behov for stor handelsutvikling.

Med det nyopna og utvida senteret på plass bryggar det opp til handelskrig mellom Sogndal og Førde. Handelshuset i Førde, som er fylkets største, omset for omlag 550 millionar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Handelshuset i Førde

BLIR UTFORDRA: Handelshuset i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Får styrka konkurranse

Dagleg leiar for dei 60 butikkane, Jostein Fredly, trur det no blir tøffare konkurranse.

– Vi får ein styrka konkurranse om kundane, særleg dei som kjem frå Sogn. Vi har alltid hatt målsetting om å vere det leiande senteret i fylket, og dette betyr auka konkurranse for oss.

Men Fredly trur likevel ikkje det utvida senteret i Sogndal vil truge Førde som handelsstad.

– Sogningen storsenter kjem nok til å bli på høgde med det vi omset for på Handelshuset, men omsetninga totalt sett i Førde er mykje større enn i Sogndal uansett.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jostein Fredly, dagleg leiar Qvam AS

FÅR KONKURRANSE: Dagleg leiar Jostein Fredly.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Opp til kundane

Og i Sogndal seier Wilhelm Tangerud at dei ikkje ser spesielt på Førde som konkurrent.

– Vi må legge til rette for våre butikkar og lage eit godt senter, og så er det opp til kundane kvar dei vil handle.