Hopp til innhold

Utvalde flyktningar får ekstra utdanning

Det er for få av dei som deltek på introduksjonsprogram som kjem seg ut i arbeid. Difor er nokre flyktningar no plukka ut til ei ny utdanning.

Førde norsksenter gir utvalde elevar ekstra undervisning for å gjere dei klare for yrkeslivet.

INTRODUKSJON: Det er stor variasjon i nasjonalitetar, språkkunnskap og interesser på Førde norsksenter. Men ein ting har dei felles. Dei øver og øver på norsk, for å få seg ein jobb.

– Målet er at dei som deltek skal kunne gå rett på vidaregåande opplæring etter kurset, seier Christoffer Stølen, som er programrådgjevar på Førde norsksenter.

Spesielt utvalde og motiverte

Kurset dei no tilbyr, kallar dei yrkesutprøvingskurs. Der får deltakarane ekstra norskundervisning, innføring i HMS-arbeid og dei skal også lære seg fagterminologi.

– Dei treng fagbrev og bevis på at dei har kompetanse for å komme ut i arbeidslivet, seier Stølen.

Det er utvalde flyktningar som har fått dette tilbodet, og dei kjem frå fleire kommunar.

– Vi må ha motiverte og engasjerte elevar som har interesse for faget. Dei vi har plukka ut er det, fortel Stølen.

Førde norsksenter

HØGARE UTDANNING: Adam Zakaria Hussein (t.v.) skal ta 'Bergenstesten' i april. Det er ein språktest han må bestå for å kunne ta høgare utdanning. Salambek Dzjambulatov starta tysdag på intensivkurset for å ein gong i framtida få papir på at han kan byggfag.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Helsearbeidarar snart klare

Isamfudhull Awadhallah frå Nord-Sudan er ein av dei. Han er klokkeklar til å starte.

– Eg gler meg veldig og målet mitt er å ta byggfag på sikt. Men då må eg først bli betre i norsk, seier han.

Kurset er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, norsksenteret og Mo og Øyrane vidaregåande skule. Kurset kostar om lag 250 000 kroner og utgiftene er fordelt mellom norsksenteret og fylkeskommunen.

Det er allereie helsefagarbeidarar som snart er klare til å bli lærlingar eller praksiskandidatar i fylket som har gått på liknande kurs.

– Det har teke tid. Tanken var at dei skulle gå to år, men det gjekk ikkje. Men no er dei snart klare for å gå i læra, seier assisterande einingsleiar Grethe Hammer Strømmen.

Førde norsksenter

HAR TRUA: Aud Sletteland Soleim, Grethe Hammer Strømmen og Christoffer Stølen på Førde norsksenter er spente på det nye utdanningstilbodet. Men dei har god tru på at deltakarane vil meistre det.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Treng fagbreva

Adam Zakaria Hussein frå Sudan er både elev og morsmålslærar på Førde norsksenter. Han er glad for at tilbodet kjem.

– Det er heilt vesentleg at vi får papir på utdanninga vår. Og at vi er inne i eit system som sikrar at vi lærer norsk, og ikkje minst at vi lærer dei ulike faguttrykka. Det er stor skilnad på korleis ein bygger eit hus i Sudan og i Noreg, seier han.

Men han sjølv skal ikkje vere med på det nye kurset.

– Nei, eg vil ta høgare utdanning på universitet eller høgskule når eg er ferdig på introduksjonsprogrammet. Så eg må pugge, lese og snakke norsk heile tida, ler han.

Førde norsksenter

VIL BYGGE: Isamfudhull Awadhallah starta på intensivkurset i regi av Førde norskssenter for å kunne bli betongarbeider når han er ferdig utdanna.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK