Utteken på landslaget

Skyttaren Jon-Hermann Hegg frå Lærdal er utteken på elitelandslaget. Han skyt rifle. Noreg har i dag fire kvoteplassar for rifle i OL, og Hegg er ein av sju rifleskyttarar som er teken ut på landslaget denne gongen. OL 2020 i Japan startar i juli. Hegg har tidlegare sagt at han satsar mot OL.

Jon Hermann Hegg
Foto: Norges Skytterforbund