Utsleppsjuks kan gi aluminiumsløft

Norsk Hydro trur utsleppsjukset i Volkswagen gir auka etterspurnad etter aluminium. Det melder Adresseavisen. Ved bruke aluminium i staden for stål kan bilprodusentane få ned vekta på bilane, og dermed også seinke drivstofforbruket. Hydro ser føre seg eit løft for bransjen og ventar at etterspurnaden etter aluminium aukar opp mot 40 prosent på fem år.