Utskriven frå sjukehus
Mannen som vart send til sjukehus etter ein valdsepisode i Sørbøvåg natt til i går er utskriven frå sjukehus. Det stadfestar politiet. Gjerningsmann og vitne vart i går avhøyrde, men politiet ynskjer ikkje å kommentere kva som så langt er kome fram i avhøyr, og syner til at saka framleis er under etterforsking.