NRK Meny
Normal

Utsiktsbru i prestisjemagasin

Den spektakulære utsiktsbrua ved Stegastein i Aurland er over heile framsida på det kjende amerikanske tidsskriftet Architecture.

Utsiktspunktet Stegastein
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Inne i bladet følgjer fleire foto samt ein begeistra omtale av prosjektet. Det skriv Bergens Tidende.

Brua strekkjer seg 33 meter ut frå det bratte terrenget omlag 650 meter over fjorden. 

Utsiktsbrua på fylkesveg 243, mellom Aurland og Lærdal, er ein del av den statlege satsinga på norske turistvegar. Den svingete og smale vegen er open på sommarstid og er ei heilt anna oppleving samanlikna med den lange og mørke tunnelen i fjellet under.

No kan ein altså sjå den spektakulære brua i det prestisjetunge fagbladet Architecture. Det amerikanske magasinet har kome ut i 93 år, har rundt 88.000 abonnentar der over 76.000 av dei er arkitektar.

  Les artikkelen i Architecture

Faksimile frå Architecture.
Foto: Faksimile frå Architecture. / ingen

 

 

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå