NRK Meny
Normal

Utsette Måløyraidsenteret - nok ein gong

FØRDE (NRK): Eldsjelene som kjempar for å byggje Måløyraidsenteret som skal bevare krigsminna frå det store allierte raidet i 1941, må vente med første spadetak.

Fylkesting Førde

UTSETT – IGJEN: Høgre torde ikkje å risikere nok eit nei frå dei raudgrøne, og valde om unngå eit nytt forslag om pengar til Måløyraidsenteret. Sentralt før saka kjem opp att, står ein e-post.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter Måløyraidsenteret fekk gladmeldinga i statsbudsjettet om at dei årleg får 600.000 kroner til drift, var mange spente på kva fylkespolitikarane ville gjere. Det raudgrøne fleirtalet har ikkje trudd på lovnadane om at pengane frå staten ville kome, og sagt nei.

Fylkestingsmøtet i Førde i dag var politikarane sin fyrste sjanse til å løyve dei 800.000 kronene som manglar for å byggje senteret.

Redd for nok eit nei

Ein nølande og usikker fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre, tok ordet under handsaminga av tertialrapport 2/15, der dei har høve til å flytte på pengar.

– Eg vurderte å føreslå ei løyving til senteret no. Men eg er veldig utrygg, for eg vil ikkje at det skal bli nedstemt. Difor vil eg høyre på debatten fyrst.

Eit samrøystes kulturutval hadde fatta vedtak om at dei ville stille med investeringspengar dersom staten stilte med driftspengar. Det skjedde. Men det raudgrøne fleirtalet i det overordna finansutvalet nekta å følgje opp rådet.

Avduking av Martin Linge statue

AVDUKING: 8. mai i år vart grunnsteinen for Måløyraidsenteret lagt ved avdukinga av denne figuren, men pengane frå fylkeskommunen manglar framleis. F.v.: Terje Sølvberg, statssekretær Himanshu Gulati (Frp) og dåverande Vågsøy-ordførar Morten Hagen (H).

Foto: Bjarne Eldevik

Frp garanterer nytt forslag om pengar

Leiar Nils Gjerland (Sp) i kulturutvalet tok ordet under fylkestingsdebatten i dag.

– Eg vil anbefale fylkestinget å kome tilbake til dette i budsjettet for 2016, og ikkje i dag. Vi må få ei løysing på denne saka.

Frank Willy Djuvik avsluttande valdebatt 2015

FRP: Frank Willy Djuvik.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Frank Willy Djuvik (Frp) var for så vidt einig i det.

– Saka høyrer formelt heime som ei budsjettsaka. Men eg seier allereie no at vi kjem til å fremme saka når vi kjem dit, sa han.

Ap vil sjå epost før dei svarar

Særskild Arbeidarpartiet har vore skeptiske til å løyve pengar i tidlegare debattar. Gruppeleiar Nils P. Støyva var forsiktig med å tone flagg.

– Det er viktig for Ap å få avklara kva ligg i denne statlege løyvinga, og om vi bind opp meir av fylkeskommunen sin økonomi. For den vil bli trong framover.

Djuvik parerte med å sitere frå ein epost som Høgre-gruppa har motteke frå den politiske leiinga i kulturdepartementet: "Det er i utgangspunktet ikke lagt opp til krav om fylkeskommunal andel i denne økningen i driftstilskuddet, men det er selvsagt en forutsetning at selve senteret blir realisert."

Støyva svarte:

– Heile fylkestinget bør sjå den eposten, og den bør kryssjekkast!

Høgre bestemte seg for å ikkje fremme saka. Dermed blir det opp til budsjetthandsaminga mot slutten av året om senteret skal bli realisert eller ikkje.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote