Hopp til innhold

Utsett Hodlekve-heis snart klar

Trøbbel med leveransar og dårleg flygever har utsett opninga av den nye skiheisen til Sogndal Skisenter, men no satsar dei på å opna 18. januar.

Det nye skitrekket i Rindebotn ved Hodlekve i Sogndal.

MANGLAR WIRE: Heismastene er på plass, men wiren må på plass før 18. januar.

Foto: Ola Alsterholm

- Det kan framleis skje fleire, uforutsette ting, men vi har lite arbeid att no. Vi reknar med å ha opningsdagen laurdag den 18. januar. Veritas må godkjenna heisen først, og dei er boka inn veka før, seier dagleg leiar i Sogndal Skisenter, Ola Alsterholm.

Framtidsvisjonen av Hodlekve

FRAMTIDSVISJONEN: Dette er framtidsvisjonen for Hodlekve. Det står mykje arbeid att.

Foto: Illustrasjon: Sognefjorden Utvikling

Første steget

Den nye heisen i Rindebotn litt vest for dagens heisanlegg skal vera det første steget i ei storstila utbygging i Hodlekve med fleire skiheisar, 500 hyttetomtar og gondolbane. Men oppstarten har gått treigare enn skisenteret opphavleg planla. Planen om ein tredje heis, frå toppen av det gamle anlegget til Kalvavatna, vart utsett allereie i haust.

- Den måtte gå ein ny runde i kommunestyret for å bli godkjend. Det vart den før jul og det var for seint i forhold til å bygge no. Difor bygger me den til sommaren, seier nestleiar i styret i Sogndal Skisenter, Gunnar Solbakken.

Gamleheisen opna i romjula

Dermed måtte dei nøye seg med å restaurere den gamle heisen, gjera utbetringar på langrennsanlegget, bygge veg opp til Rindebotn, to nye parkeringsplassar og den nye heisen som eigentleg skulle opna 3. juledag, men som altså blir starta opp tidlegast den 18. januar.

- Me blir jo sikrare og sikrare for kvar gong, ler Solbakken.

- Me har hatt litt plunder med leveransane, men no er me trygge med datoane.

- I tillegg fekk me ein lang periode med dårleg flygever då me skulle flyge ting opp med helikopter, men no er det lite som står att, seier Alsterholm.

Anleggsområde

Heile Hodlekve-området ber likevel preg av at eit stort anleggsarbeid pågår, og slik vil det vere ei god stund til, seier Solbakken.

- Dette blir ein slags mellomsesong, men forholda i heisane skal vera gode. Det er mykje anleggsmaskiner der oppe og det må me berre venne oss til, seier nestleiaren i styret.

Rekordsal av kort

Trass i brotne tidsfristar og eit område prega av anleggsmaskiner og bygging, har starten på sesongen vore god i Hodlekve. Spesielt sidan har ført til dårlege forhold mange andre skistader i Sogn og Fjordane.

- Sesongkortsalet har vore veldig bra. Vi var tidleg i gang med tilbod og har faktisk selt fleire enn nokon gong, seier Alsterholm som ikkje vil ut med det konkrete talet på selde sesongkort.

- Men vi ligg langt over den gamle rekorden, seier han.