Hopp til innhold

Utsett for tredje gong

Rapporten om varslarsakene i Sogn barnevern er utsett for tredje gong. Sogn Avis skriv at rapporten skulle bli offentleggjort 17. september, men at advokatfirmaet Brækhus bad om fire veker til for å fullføre arbeidet. No er planen at rapporten skal leggjast fram i eit ekstraordinært kommunestyremøte 22. oktober.