Hopp til innhold

Utset vidare leiting etter sakna mann til neste helg

Leitinga etter den 24 år gamle eritreiske mannen som er sakna i Årdal er utsett til neste helg.

Magne Knudsen

KREVJANDE: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier det tek tid å skaffe mannskap til leitinga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Hovudårsaka er at det tek tid å skaffe mannskap frå heile fylket. Det er også eit ønskje om å få eit kostnadsoverslag på sjølve aksjonen, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Den 24 år gamle mannen, som har fått innvilga asyl i Norge, vart sist sett førre torsdag.

Fredag kveld vart han meld sakna av Asylmottaket i Årdal. Mannen hadde lagt att både mobiltelefon og lommebok heime.

Har leitt med store styrkar

Den siste sikre observasjonen av mannen vart gjort torsdag ettermiddag ved Vetti Gard, om lag fem kilometer frå der bilvegen sluttar ved Hjelle.

Store styrkar har søkt etter den sakna mannen sidan han vart meld sakna. Både Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp, Røde Kors, helikopter og drone har delteke i søket, i tillegg til politiet.

Tysdag stilte 150 årdøler opp og gjekk manngard gjennom 35 roder i Øvre Årdal, Fardalen og Utladalen, utan at det vart gjort funn av noko slag.

Sakna asylsøkar

HAR LEITA: Store område har vore gjennomsøkte, men til no har ein ikkje funne spor etter den sakna mannen.

Foto: Politiet

Likevel kan det verte på tale å gjennomsøke området ein gong til.

– Vi ønskjer å kvalitetssikre området på nytt for å vere heilt sikre på at han ikkje er der. Det er hovudteorien vår, seier Knudsen.

Samlar og systematiserer informasjon

Tysdag vart det også søkt gjennom bustadområda for å få kvalitetssikra desse.

Politiet har teke hand om mobiltelefonen til den sakna mannen, men det har ikkje ført dei noko nærare kva som har skjedd med 24-åringen.

– No jobbar vi med etterretningsbiten, der vi samlar den informasjonen vi har i eit system slik at vi kan dele det med andre dersom det skulle dukke opp ny informasjon, seier Knudsen.

– Mannen vart sist sett på Vetti. Kan ikkje det tyde på at han har gått lenger innover i Utladalen?

– Det veit vi ikkje. Difor vil vi gjere eit større søk neste laurdag, seier Knudsen.

Den sakna skal ha budd i Årdal sidan mottaket vart starta 1. august 2013, og skal tidlegare ha nytta seg av turstiar i området det har vorte søkt i.