NRK Meny
Normal

Skredfare i traséen til motbakkeløpet Storehesten Opp

Snøskredfare i traséen til Storehesten Opp gjer at arrangørane utset det populære motbakkeløpet.

Storehesten juni 2015

SKREDFARE: Her skulle motbakkeløpet gått, men opptil sju meter med snø set ein stoppar for det.

Foto: NRK-tipsar

– Ikkje i vår villaste fantasi hadde eg trudd vi skulle avlyse motbakkeløpet i juni på grunn av snø og snøskredfare, seier primus motor for arrangementet Helge Kårstad.

Det ligg rekordmykje snø i fjellet og arrangøren har på ei synfaring av traséen gjort målingar av ein til sju meter med snø. I det lengste håpa arrangøren at snøsmeltinga skulle sette inn for alvor, men det har ikkje skjedd.

Store snømengder gir skredfare

– Det er vanlegvis ikkje snøskredfare i Storehesten men det ligg store fonner på baksida som ikkje har slept og komme ned, og mengdene er store. Dette brukar å ramle ned i mars. Dermed er det ein reell rasfare der, seier Kårstad.

Helge Kårstad

PRIMUS MOTOR: Helge Kårstad har vore og er pådrivaren for arrangementet av motbakkeløpet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Motbakkeløpet skulle ha gått av stabelen 27. juni i år. Men det er rett og slett for mykje snø i traséen på veg opp til den 1209 meter høge Storehesten i Gaular.

Sjølv om heile arrangementsstaben, idrettslaget og Røde Kors, var samde om å avlyse var det ikkje ei lett avgjerd å ta.

– Det var ikkje noko tvil. Men det er frykteleg kjedeleg og vanskeleg. Det er bygt opp eit stor apparat for å arrangere dette og det er gjort avtaler. I tillegg må vi finne ein ny dato og helgane er fulle av arrangement framover, seier Kårstad.

Kunne ha kutta løypa

Storehesten Opp vart første gong arrangert i 2006, og er eit motbakkeløp både for mosjonistar og konkurransedeltakarar. Traséen er på 11,02 km i konkurranseklassen med ei stigning på 1209 meter.

No er det meldt betre vêr, mellom anna til helga og til kommande veke. Men framleis er risikoen med å ha mykje folk i fjellet for høg.

Storehesten Opp

MÅ UTSETTE: Det blir ikkje folkefest på toppen av Storehesten i juni. Det er for mykje snø.

Foto: Per Ivar Birkeland

Ventar på at snøen skal smelte

– Vi har sett at det vart meldt fint vêr, og det gjer oss ekstra merksame. Vi veit ikkje kva tid baksida av Storehesten reinskar seg og snøen kjem ned. Men dersom vi hadde arrangert neste helg hadde det vore mykje folk i fjellet den kommande veka, og det føler vi eit visst ansvar for så vi valde uansett å avlyse no.

  • Les også:

Arrangøren har bestemt seg for å gjennomføre rulleskirennet fredag 26. juni.

– Vi er veldig overraska over at vi har fått med alle utøvarar som driv med rulleski i Sogn og Fjordane, også kretslaget. Vi var ikkje klar over at det var så mange som ville stille på det, seier Kårstad.

No er det berre å vente på at snøen smeltar til august.

– Då får vi mange flotte kandidatar på start. Storehesten Opp er blitt så bra at vi er ikkje redde for at ikkje løparane kjem, seier Kårstad.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser