I dag er det tre slakteri i den nordlege regionen til Gilde Vest. Det er Sandeid, Granvin og Førde. Bakgrunnen for at konsernet igjen ser på kor mange slakteri det skal vere på Vestlandet i framtida, er ein rapport som styret fekk i mars og som viser at det i dag er overkapasitet på slaktelinene.
Fryktar nedlegging
I Førde er det i dag 110 tilsette og dei slaktar omlag 7200 tonn i året, veslebror i Granvin har 30 tilsette og produserer omlag 3400 tonn i året. Særleg i Granvin fryktar dei nedlegging. Bergflødt stadfester at nedlegging av anlegg er noko dei ser på, men vil i dag ikkje seie noko om enkelte anlegg er meir i faresona enn andre.
Korta tett til brystet
Men det blir også jobba med alternativ som kan bety meir arbeid, at anlegg blir tilført meir slakting eller slakt frå andre distrikt til nedskjering. Men fram til 9. juni held dei korta tett til brystet. Då blir det klart om det skal vere tre slakteri i den nordlege regionane som i dag, eller færre.