NRK Meny
Normal

Skjebnen til skulen er utsett - ordføraren gjev likevel ikkje opp håpet

Framtida til Sogn jord- og hagebruksskule har i fleire år vore uviss. Etter planen skulle saka om pengar til oppussing og investeringar ved skulen opp på fylkestinget i juni, men no er saka utsett.

Noralv Distad og Sogn jord- og hagebruksskule

KREATIV: Ordføraren i Aurland, Noralv Distad, trur framleis Sogn jord- og hagebruksskule kan reddast, sjølv om ein heller ikkje i juni får ei avklaring på økonomisk støtte til investeringar.

Foto: Silje Immel Slettestøl

– Alle hadde vel håpa på ei avslutning, ei positiv avslutning av denne saka, der vi har finansiering for investeringar ved skulen på plass. Det er mange som har gått og venta, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Fylkestinget skulle etter planen ta opp saka om korleis ein skal finansiere dei investeringane som trengst ved skulen i juni. No ser det ut som at ei slik avklaring dreg ut i tid.

Fylkesrådmann, Tore Eriksen føreslår nemleg å utsette saka, og behandle den som ein del av budsjett- og økonomiplanen. Bakgrunnen er regjeringa sitt forslag til nytt inntektssystem, der Sogn og Fjordane fylkeskommune står overfor store kutt i åra framover.

"Som følgje av dei nye inntektsføresetnadene ser fylkesrådmannen det som svært viktig at alle saker med økonomisk verknad vert handsama som ein del av heilskapen i samband med føreståande budsjett- og økonomiplan. Fylkesrådmannen finn det difor ikkje tenleg å leggje fram saka om investeringar og drift ved Sogn jord- og hagebruksskule til realitetshandsaming for fylkestinget i juni – som planlagt", står det i sakspapira til Fylkesutvalet.

Nok eit avslag for skulen

I Stortingets spørjetime fekk kunnskapsministeren spørsmål frå Rasmus Hanson frå Miljøpartiet De Grønne, om staten ville hjelpe skulen med pengar.

– Det er eit fylkeskommunalt ansvar å finansiere skulebygningar. Det blir spesielt om Kunnskapsdepartementet går inn med mildar til ein fylkeskommune for å investere i skulebygg. Det blir forskjellsbehandling av denne skulen og denne fylkeskommunen, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, frå Stortingets talarstol tidlegare denne veka.

Torbjørn Røe Isaksen

NEGATIV: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil ikkje løyve pengar slik at Sogn jord- og hagebruksskule får gjort dei nødvendige investeringane ved skulen. Skulebygg er fylkeskommunen sitt ansvar, sa han frå Stortingets talarstol tidlegare denne veka.

Foto: Varfjell, Fredrik / Scanpix

Det er ikkje første gong skulen har gått ei uviss framtid i møte. Heilt sidan 80-talet har skulen fleire gonger vore truga av nedlegging. No må skulen rustast opp for mellom 50 og 80 millionar kroner. Store jordbruksorganisasjonar og lokale krefter har kasta seg inn i kampen for å bere skulen, som har ei landslinje for økologisk landbruk.

Ordføraren nektar å gje opp håpet

Ordføraren i Aurland ser likevel ikkje berre negativt på at ei endeleg avklaring dreg ut i tid.

– Hovudutvalet for opplæring avgjorde at ein straks skal få ei utgreiing for å sjå på ulike organisasjonsformer. Dette med tanke på å få inn statleg og anna finansiering, for å finne ei endeleg løysing, seier Distad.

  • LES OGSÅ: Venstreleiaren vil kjempe for denne utdanninga

Han seier ein må vere kreative, men avviser at ein tenkjer å la nokon andre enn fylkeskommunen vere eigar og drivar av skulen.

– Det kan vere løysingar som gjer at nybygget som skal opp kanskje kan få ei anna organisasjonsform, seier høgreordføraren.

Han meiner at trass i dei endra rammevilkåra for fylkeskommunen i åra framover, så er ikkje situasjonen til skulen forverra.

– Det hastar å finne løysingar som står seg for framtida. Vi kan ikkje jobbe med noko anna mål for auget enn at denne saka må løysast. Det er ei alt for god sak til at den skal strande på å hamne mellom alle stolar, seier Distad håpefullt.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser