Hopp til innhold

Utset opprusting av Olden-Innvik

LEIKANGER (NRK): Ein ferdig opprusta riksveg 60 mellom Olden og Innvik let vente på seg.

Fylkesutvalet

FLEIRTAL: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap), Nils P. Støyva (Ap), Jenny Følling (Sp) og Karen Marie Hjelmeseter (Sp) fekk fleirtal for å utsetje den resterande opprustinga av Olden-Innvik.

Foto: Elgrim Fossheim / NRK

Alle politikarane i fylkesutvalet er samde om at den siste tunnelen, Vangbergtunnelen, skal byggast raskt, og løyver pengar. Alle er også samde om at dei har pengar til utviding av 1,5 km av den smale vegen som ikkje er utbetra. Men dei stridest om dei siste knappe tre kilometerane mot Olden.

Fleirtalet med Ap, Sp og Venstre er nemleg usikre på kor mykje pengar fylkeskommunen rår over. Dei vil difor ikkje love før til sommaren at dei kan realisere denne aller siste biten. Då har stortinget handsama kommuneøkonomien for 2016. Desse partia har også fleiretal i fyllkestinget som skal avgjere saka i juni.

Kostar for mykje for Sp

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) forklarer utsetjinga på denne måten.

– Fylkeskommunen har fått nedskjeringar på over 200 millionar kroner og lånegjelda vår er på 2,6 milliardar. Full opprusting vil koste mykje. Vi vil difor sjå fullføringa av Olden-Innvik i samanheng med dei store innsparingane vi står overfor, seier Følling.

– Men fylkestinget har tidlegare sagt at opprustinga av vegen mellom Olden og Innvik skal fullførast. Kva har skjedd?

– Det stod i det same vedtak i fylkestinget at ein skulle finne kostnadsreduserande tiltak. Innsparingane vil gå ut over tenestene til folk i fylket. Vi må sjå alt i samanheng, seier Følling. Sidan det er fleirtal for å utvide vegen frå 5,5 meters breidde til 6,5 meter, har ein ikkje oversikt over dei totale kostnadene, meiner Følling.

Provosert Djuvik

Frank Willy Djuvik frå Frp er provosert over at fleirtalet valde å utsetje saka.

– Fleirtalet fører fok bak lyset i denne saka. Det er feil det Jenny Følling seier om at opprustinga blir dyrare enn dei 387 millionane som fylkestinget tidlegare har lagt til grunn. No er det lagt fram forslag som vil gjere utbetringa 52 millionar kroner billegare enn dette. Likevel blir saka utsett, seier Djuvik.

Djuvik meiner dei raudgrøne prøvar å trenere prosjektet for så å leggje skulda på andre.

– Her har dei raudgrøne berre seg sjølve å skulde på, seier han.

Følling avviser kritikken

Følling fnys av skuldingane frå Djuvik.

– Den økonomiske situasjonen for fylkeskommunen er svært alvorleg og ser ut til å ha forverra seg. Det er difor ansvarleg å vurdere sluttføringa av Olden-Innvik i samanheng heile den fylkeskommunale økonomien, seier Følling.

Avviser møteplassar

For å spare pengar hadde Vegvesenet foreslått at siste biten av vegen kunne lagast smalare enn planlagt, og i staden bygge fleire møteplassar. Dette forslaget var det ingen av politikarane som ville vere med på. Det som no ligg i forslaget er ein tunnel med litt lågare standart enn først tenkt, men med same vegbreidde og takhøgde. I tillegg sløyfar ein den planlagde gang- og sykkelvegen. Dette sparar inn 52 millionar av dei 387 millionane heile prosejktet er kalkulert til.