NRK Meny
Normal

Utset kjempeinvestering i vindkraft

Bråket kring kraftlina Fardal-Ørskog gjer no at Vestavind Kraft utset ei investering på nærare ein halv milliard kroner på Lutelandet i Fjaler.

Plan for vindmøller på Lutelandet

UTSETT: Forseinkingar i utbygginga av straumnettet, gjer at produksjonen av kraft på Lutelandet i Fjaler tidlegast kan kome i gang i 2017. Både Vestavind Kraft og Lutelandet Utvikling er frustrerte.

Anlegget skulle stått ferdig i 2016. Produksjonen av kraft kan no tidlegast kome i gang sommaren 2017. Stig Svalheim, direktør i Vestavind Kraft, er frustrert.

– Nettet er jo ikkje klart til å ta i mot kraft. Så om vi hadde bygd vindkraftverk og hatt det ferdig i 2016, hadde det vore for å fyre til kråkene på Lutelandet og i Fjaler, seier han.

Vestavind Kraft har lenge jobba med store planar for omfattande vindkraftproduksjon på Lutelandet i Fjaler. Planen er 10 til 12 vindmøller, som kan gje ein årleg straumproduksjon på opp imot 100 millionar kilowattimar i året.

– Frustrerande

Stig Svalheim

FRUSTRERT: Direktør i Vestavind Kraft, Stig Svalheim, er frustrert, men håpar på snarleg avklaring.

Foto: Steinar Lote / NRK

Men den trege utbygginga av straumnettet lokalt frå Fjaler til Moskog og krangelen om Ørskog-Fardal-linja i Bremanger, gjer at dei no må utsetje investeringar på fleire hundre millionar kroner.

– Det er frustrerande med det vi ser i Ålfoten-området, for det slår jo inn på framdrifta på konsesjonssaker på fleire område. Vi kan jo sjølvsagt håpe at det blir ei snarleg avklaring. Men det er utfordrande, seier Svalheim.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har godkjent at Vestavind får utsetje utbygginga på Lutelandet. Årsaka er den manglande framdrifta i utbygginga av straumnettet, stadfestar seksjonssjef Arne Olsen.

– Det er først og fremst at nettutbygginga mot Moskog er forseinka, og så er det fordi timeplanen for Ørskog-Fardal ikkje er følgd. Så det er berre avklaringar med nettet som vi reknar med snart er på plass, seier Olsen.

– Verdiar går tapt kvart einaste halvår

Utbygginga av industriområdet på Lutelandet i Fjaler er heilt avhengig av å få på plass betre straumnett. Dagleg leiar i Lutelandet Utvikling, Stein Arne Ottesen, meiner det er ille at vindkraftinvesteringa i området no blir utsett.

– Det er sørgeleg at det er slik. Sogn og Fjordane har stelt seg veldig dårleg som har kome i ein situasjon der utbygginga av denne infrastrukturen er så forseinka at det får store konsekvensar, både for utbygging på Lutelandet og i fylket elles.

Då konsesjonen for utbygginga av Gjøa-feltet i Nordsjøen vart gjeve i 2009, låg det som ein føresetnad at 75 millionar kroner skulle tilførast utbygging av kraftnettet til Lutelandet.

– Denne avtalen vart inngått i 2009, og dei pengane vert jo mindre og mindre og mindre verdt for kvart år desse prosjekta vert utsette. Ikkje berre går utbyggingsverdiane tapt, men også reine kroneverdiar gjennom Gjøa-avtalen går tapt kvart einaste halvår denne saka vert utsett, seier Ottesen.

Investeringa kan stå i fare

Skal utbygginga bli noko av, er Vestavind kraft avhengig av tilgang på såkalla elsertifikat. Ei skandinavisk ordning som skal stimulere til utbygging av miljøvenleg kraft, men år 2020 er siste frist for å få dette.

Utan elsertifikat og utan eit ferdig straumnett, kan investeringa til nærare ein halv milliard stå i fare.

– Vi må vere tolmodige, og kna vidare på prosjektet og gjere det endå litt betre medan kraftnettet forhåpentlegvis kjem på skjener att, slik at vi kan få dette på lufta om ikkje så altfor mange år, seier Svalheim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå