- I utgangspunktet skulle styret avgjere lagnaden til linja på septembermøtet, men vi treng meir tid, seier Thaule.
- Vanskeleg sak
Det er ikkje meir enn 14 dagar sidan fleire stortingspolitikarar bad høgskuleleiinga tenke seg godt om før dei la ned akvakulturlina. Og det er tydelegvis det styreleiar og rektor Johs Thaule gjer akkurat no. Dei har fått signal frå fylkeskommunen om at pengar kanskje er på veg for å oppretthalde studiet, og då meiner Thaule det er riktig å vente til november før dei tar endeleg avgjerd i saka.
- Vi registrerer at omverda er veldig interessert i dette, og vi syns at dette er ein viktig, men også vanskeleg sak. Derfor tek vi oss lenger tid før vi avgjer saka, seier han.
Spleiselag
For fylkeskommunen er det viktig at akvakulturstudiet blir vidareført, og fylkesrådmann Per Drageset seier dei no vil gjere mykje for å oppretthalde tilbodet. Fylkeskommunen har invitert næringa til eit møte, der dei vil diskutere kva dei kan gjere i fellesskap med høgskulen.